Gjetarhytta- Flott hytte ved Gjendebu i Jotunheimen.

Koseleg, nokså ny hytte ved Gjende. Brukt som gjetarhytte i beitesesongen 1.juli - ca.15.september. Leige utanom påskesesongen må avtalast.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
4 personer
Antall soverom
2
Areal
37 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
20 km (sommer)
20 km (vinter)

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
vedfyring
Strøm
nei
Toalett
utedo
Vann
frå elva
Dusj
nei
Kokemuligheter
gassbluss
Oppbevaring av mat
kjellarhol
Sengetoy
madrasser
Kjøkkenutstyr
nødvendig utstyr

Kontakt oss

Lom fjellstyre

Fjelloppsyn Odd Repp / kontormedarbeidar Magny Hilde

91697613 / 48098049

lom@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Nybygd hytte frå 2001, fullisolert med vedomn og bra utstyrt.  Hytta er disponert av beitelag i sommarsesongen, dvs. det meste av den tida rutebåten går over Gjende.  Booking via nettet i påskesesongen, elles må leige avtalast via fjellstyrekontoret eller fjelloppsynet mob. nr. 48098049 eller 91697613.  Vinterruta over Gjende er avhengig av gode isforhold, så ta kontakt lokalt for å få opplysningar om dette.  I påskesesongen er det elles stikka vinterrute både frå Spiterstulen, Leirvassbu, Olavsbu og Eidsbugarden fram til Gjendebu.

Hytteregler/Avbestillingsregler

Leietakar vaskar før avreise og forlet hytta i den stand ein ønskjer å finne den.

Kunden har rett til å avbestille leiga inntil 30 dagar før bestilt ankomst. Lom fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, gjev vi ingen refusjon.

Vedlagte filer

Nøkkelhenting

Nøkkelboks på hytteveggen på alle dei låste hyttene. Koden får du ved å kontakte Lom fjellstyre mob. 48098049 eller 91697613 - lom@fjellstyrene.no

Hugs å legge nøkkelen tilbake i boksen ved avreise!

Turtips

Bukkelægeret til Memurubu, retur over Gjende.

Rundtur til Gjendetunga

Toppturar til Svartdalspiggen, Knutsholstind, Mesmogtind m.fl.

 

Andre aktuelle tilbud