Steinbua ved Memurubu- Koseleg lita hytte i Jotunheimen.

Lita, isolert steinbu med to sengeplassar. Solrik beliggenheit ved Gjende. Utgangspunkt for mange kjende turar. Meget gode fiskemoglegheiter. Reservert innanbygdsbuande i periodar-sjå kalender.

Størrelse og ankomst

Senger til
2 personer
Antall soverom
1
Areal
15 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
12 km (sommer)
12 km (vinter)

Adresse

Adresse
Memurudalen
Poststed
2686 Lom

Beliggenhet

Kontakt utleier

Lom fjellstyre

Fjelloppsyn Åsmund Galde / sesongoppsyn Eilev Hellekveen

92893226 / 99712939

lom@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Lom fjellstyre har 7 hytter til utleige, og i tillegg fleire opne steinbuer i høgfjellet. Vi forvaltar statsallmenningane i Lom og legg tilrette for aktivt friluftsliv, jakt og fiske.

Om hytta

Lita, lisolert steinbu med panelveggar. Vedomn og bra utstyrt. Ca. 15 m2 innvendig med to sengeplassar m/madrass. Du må ha med sengetøy, inkludert dyne/pute, sjå vedlagt instruks for smitteverntiltak.

Ligg i solhelling, godt skjerma i fjellbjørkeskogen, men likevel solrikt. Lett tilgjengeleg med rutebåt frå Gjendesheim, snaut 1 km frå brygga ved Memurubu, ovanfor kraftverket og stigen som går mot Memurudalen/Surtningssue. Fint utgangspunkt for tur over Besseggen eller Bukkelægret, og topptur til Surtningssue. Barnevennleg turterreng innover Memurudalen. 1-2 timars vandretur til fleire fine fiskevatn på Memurutunga.

 

Hytte-/Avbestillingsregler

Leietakar vaskar seg inn og ut av hytta, sjå vedlagde instruks smitteverntiltak, og forlat hytta i den stand du ønskjer å finne den.

 

Kunden har rett til å avbestille leiga inntil 30 dagar før bestilt ankomst. Lom fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, gjev vi ingen refusjon.

Nøkkelhenting

Nøkkelboks på hytteveggen på alle dei låste hyttene.

 

NB! Kode til nøkkelboks finn du på kvittering etter at du har bestilt og betalt hytta.

 

Kontaktinformasjon Lom fjellstyre: lom@fjellstyrene.no mob. 99712939 eller 92893226. 

Hugs å legge nøkkelen tilbake i boksen ved avreise!

Turtips

DNT-ruta over Besseggen til Gjendesheim

DNT-ruta over Memurutunga og ned Bukkelægret til Gjendebu, eller båt til Gjendebu og retur motsett veg

Merka rute om Svarthamrane til Surtningssui og retur om Memurudalen

Fisketur til vatna på Memurutunga

Andre aktuelle tilbud