Heranosbua- Hytte i Jotunheimen i Veodalen.

Hytta ligg ved vegen i Veodalen, ca 7km før grensa til nasjonalparken. Reservert innanbygdsbuande i periodar-sjå kalender. Brukt av beitelag og fjelloppsyn i beitesesongen,ca 1.juli-20.sept.

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
2
Areal
37 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
12 km (vinter)

Adresse

Adresse
Veodalsvegen 1039
Poststed
2686 Lom

Beliggenhet

Kontakt utleier

Lom fjellstyre

Dagleg leiar og fjelloppsyn Åsmund Galde / fjelloppsyn Eilev Hellekveen

92893226 / 99712939

lom@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Lom fjellstyre har 7 hytter til utleige, og i tillegg fleire opne steinbuer i høgfjellet. Vi forvaltar statsallmenningane i Lom og legg tilrette for aktivt friluftsliv, jakt og fiske.

Om hytta

Hytta ligg i Veodalen, 150 meter frå vegen til Glitterheim, ca. 1 km frå grensa til nasjonalparken. Hytta er på ca. 30 m2, og har to rom. Det er fire sengeplassar. Sengane er utstyrt med madrass. Du må ha med sengetøy, inkludert dyne/pute, sjå vedlagt instruks for smitteverntiltak.

Hytta er eit fint utgangspunkt for småviltjakt i statsallmenningen både i Lom og Vågå kommunar.  Den er reservert innanbygdsbuande i perioden 1.11. - 28.02., og eventuell leige i denne perioden må avtalast direkte med fjelloppsynet eller fjellstyrekontoret mob. 91697613 eller 99712939 .

 

Frå siste halvdel av september kan det kome snøfall i denne høgda, som kan føre til at vegen blir ufarbar.  Vegen vert ikkje brøyta opp att om den vert stengt på grunn av snøforholda.

Hytte-/Avbestillingsregler

Leietakar vaskar før avreise og forlet hytta i den stand ein sjølv ønskjer å finne den.

Kunden har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar. Lom fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, blir det ikkje gjeve refusjon.

Nøkkelhenting

Nøkkelboks på hytteveggen på alle dei låste hyttene.

 

NB! Kode til nøkkelboks finn du på kvittering etter at du har bestilt og betalt hytta.

 

Kontaktinformasjon Lom fjellstyre: lom@fjellstyrene.no mob. 99712939 eller 92893226. 

Hugs å legge nøkkelen tilbake i boksen ved avreise!

Turtips

Ca. 45 min. sykkeltur frå NP-grensa til Glitterheim, 2-3 timars vandretur til toppen av Glittertind

Topptur til Nautgardstind og Hindnubbane

Fisketur langs Veo og til Rindtjerna

Andre aktuelle tilbud