Storådalshytta- Enkel hytte i Jotunheimen mellom Leirvassbu og Gjendebu.

Hytta ligg i Storådalen, ca. 1,5 timers gange frå Gjendebu, ved råket til Leirvassbu. Utgangspunkt for fisking eller toppturar i denne delen av Jotunheimen. Reservert innanbygdsbuande 16.10.-31.05.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
2 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
15 km (sommer)
25 km (vinter)

Adresse

Adresse
Storådalen
Poststed
2686 Lom

Om oss

Lom fjellstyre har 7 hytter til utleige, og i tillegg fleire opne steinbuer i høgfjellet. Vi forvaltar statsallmenningane i Lom og legg tilrette for aktivt friluftsliv, jakt og fiske.

Kontakt oss

Lom fjellstyre

Fjelloppsyn Åsmund Galde / sesongoppsyn Eilev Hellekveen

92893226 / 99712939

lom@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Hytta ligg i Storådalen, ca. 1,5 timers gange frå Gjendebu, ved råket til Leirvassbu. Hytta er vel 20 m2 og har berre eitt rom og vindfang. Her er to sengeplassar, men også to lausmadrasser i tillegg. Du må ha med sengetøy, inkludert dyne/pute, sjå vedlagt instruks for smitteverntiltak.

 

Etter at rutebåten på Gjende sluttar om hausten, er det lang avstand frå bilveg til denne hytta. Det er svært ressurskrevande å drive tilsyn i denne perioden, og hytta er derfor reservert innanbygdsbuande.

Hytteregler/Avbestillingsregler

Leietakar vaskar seg inn og ut av hytta, sjå vedlagde instruks smitteverntiltak, og forlat hytta i den stand du ønskjer å finne den.

 

Kunden har rett til å avbestille leiga inntil 30 dagar før bestilt ankomst. Lom fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, gjev vi ingen refusjon.

Nøkkelhenting

Nøkkelboks på hytteveggen på alle dei låste hyttene. Kode til nøkkelboks finn du på kvittering etter at du har bestilt og betalt hytta.  Kontaktinformasjon Lom fjellstyre: lom@fjellstyrene.no, eller mob. 99712939 eller 92893226. 

Hugs å legge nøkkelen tilbake i boksen ved avreise!

Turtips

Fisketur til Hellertjønnet og til vatna på Memurutunga

Toppturar til Raudalseggi, Skardalseggi, Semmeltind, Hinnåtefjellet og Søre Hellstugutind

Andre aktuelle tilbud