Grønbua, koseleg hytte i Jotunheimen

Hytta ligg i Veodalen, 150 meter frå vegen til Glitterheim, ca. 1 km frå grensa til nasjonalparken. .

Størrelse og ankomst

Senger til
3 personer
Areal
30 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0,2 km (sommer)
20 km (vinter)

Adresse

Adresse
Veodalsvegen 1627
Poststed
2686 Lom

Beliggenhet

Kontakt utleier

Lom fjellstyre

Dagleg leiar og fjelloppsyn Åsmund Galde / fjelloppsyn Eilev Hellekveen

92893226 / 99712939

lom@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om hytta

Hytta ligg i Veodalen ved eit lite fiskevatn, 150 meter frå vegen til Glitterheim, ca. 1 km frå grensa til nasjonalparken. Vegen frå Tesse eller Randsverk innover til Glitterheim vert vanlegvis ikkje brøyta og opna for trafikk før i første halvdelen av juni.  Hytta er på ca. 30 m2, og har to rom (utan dør imellom). Det er tre sengeplassar og ei lausmadrass. Du må ha med sengetøy, inkludert dyne/pute, sjå vedlagt instruks for smitteverntiltak.

Det vil vera høve til leige i sperra periode om sommaren, men dette må avtalast direkte med fjellstyrekontoret eller fjelloppsynet.

 

Om hausten kan snøfall føre til at vegen innover Veodalen brått vert ufarbar, da den ikkje blir brøyta.  Leige av hytta seinhaustes, frå den 16.10., må derfor også avtalast direkte med fjellstyrekontoret eller fjelloppsynet.

Hytte-/Avbestillingsregler

Leietakar vaskar før avreise og forlet hytta i den stand ein sjølv ønskjer å finne den.

Kunden har rett til å avbestille leigeforholdet inntil 30 dagar før leigeforholdet startar. Lom fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, blir det ikkje gjeve refusjon.

Nøkkelhenting

Nøkkelboks på hytteveggen på alle dei låste hyttene.

 

NB! Kode til nøkkelboks finn du på kvittering etter at du har bestilt og betalt hytta.

 

Kontaktinformasjon Lom fjellstyre: lom@fjellstyrene.no mob. 99712939 eller 92893226. 

Hugs å legge nøkkelen tilbake i boksen ved avreise!

Turtips

Ca. 45 min. sykkeltur frå NP-grensa til Glitterheim, 2-3 timars vandretur til toppen av Glittertind

Topptur til Nautgardstind og Hindnubbane

Fisketur langs Veo og til Rindtjerna

Andre aktuelle tilbud