Bøvertjønnen Lom- Familiehytte i Jotunheimen

Hytte ved rv 55 Sognefjellsvegen i Lom. Kjempefint utgangspunkt for jakt og fiske. Fotturar til Smørstabbtindane, i Jotunheimen og Breheimen. Rik flora. Tilgang til båt og garn på Høyvatnet!

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
4 personer
Antall soverom
2
Areal
55 m2
Ankomst
tidligst kl 16:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
5 km (vinter)

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
ved og gass
Strøm
nei
Toalett
utedo
Vann
frå bekk ved hytta
Dusj
nei
Kokemuligheter
2 gassbluss
Oppbevaring av mat
ikke kjøleskap
Sengetoy
madrasser
Kjøkkenutstyr
nødvendig utstyr

Om oss

Lom fjellstyre har 9 hytter og i tillegg fleire opne steinbuer i høgfjellet. Vi forvaltar statsallmenningene i Lom og legg tilrette for aktivt friluftsliv, jakt og fiske.

Kontakt oss

Lom fjellstyre

Odd Repp

91697613

lom@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Hytta ligg i Lom kommune, i hyttefeltet ved Bøvertjønnen, like ved riksveg 55 over Sognefjellet. Dette er den største hytta til Lom fjellstyre på vel 50 m2, med to soverom og fire sengeplassar. Hems med plass for lausmadrasser.

Hytta gjev eit unikt utgangspunkt for vårskiturar t.d. til Loftet eller toppane innover Leirdalen. Når fv 55 Sognefjellsvegen opnar rundt 1.mai, er det berre 10 min køyring til Krossbu, utgangspunkt for toppturar mot Smørstabbtindane og Fanaråken.

Om sommaren ligg hytta sentralt for fisking. Det er fiskevatn og elvar i fleire retningar. Øvredel av Bøvra er kjendt for fine forhold for flugefiske, Tjønnane og Dalsvatnet er barnevennlege fiskevatn. Båt og garn til leige for fisking på Høyvatnet.

 

Hytteregler/Avbestillingsregler

Leietakar vaskar før avreise og forlet hytta i den stand ein ønskjer å finne den.

Kunden har rett til å avbestille leiga inntil 30 dagar før bestilt ankomst. Lom fjellstyre refunderar 75 % ved slik avbestilling. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før leigeforholdet startar, refunderast 50 % av leigesummen. Ved avbestilling mindre enn 14 dagar før leigeforholdet startar, gjev vi ingen refusjon.

Vedlagte filer

Nøkkelhenting

Nøkkelboks på hytteveggen på alle dei låste hyttene. Koden får du ved å kontakte Lom fjellstyre 48098049/91697613 - lom@fjellstyrene.no

Hugs å legge nøkkelen tilbake i boksen ved avreise!

Turtips

Botanisk oppleving i Høyrokampen naturreservat like ved

Fisking i vatnet like ved hytta og langs øvre del av elva Bøvra, og berre 15-20 minutts kjøretur til Høydalen eller Sognefjellet med fine fiskemoglegheiter

Grottetur i Dummdalen, 5-10 minutts kjøring frå hytta

Høyrokampen - merka stig frå Bøvertjønnen eller Rustaseter

Toppturar til Loftet, Smørstabbtindane, Fanaråken m.fl., og fleire 2000-meters toppar frå Leirdalen

 

Andre aktuelle tilbud