Vargebue - Hytte i Jotunheimen, Vågå.

Triveleg hytte i storslåtte omgivelser ved Knutshøe og Jotunheimen nasjonalpark. Flott utgangspunkt for fotturar, jakt og fiske.

Størrelse og ankomst

Senger til
3 personer
Antall soverom
1
Areal
25 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 14:00
Avstand fra vei
1,2 km (sommer)
5 km (vinter)

Adresse

Adresse
Valdresflyvegen 341
Poststed
2683 Tessanden

Beliggenhet

Kontakt utleier

Vågå fjellstyre

Oskar Pettersen / Knut Øyjordet

99599440 / 909 66277

vaga@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Vågå fjellstyre forvaltar (etter Fjellova) bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Innafor området finn du m.a. Besseggen, Gjende, Sjodalen og Lemonsjøen.

For meir opplysningar sjå heimesida vår: Vågå fjellstyre

Om hytta

 

Enkel, men triveleg bu, rett ved grensa til Jotunheimen nasjonalpark.

Bue er opprinneleg ei lafta hytte, men er bordkledd utvendig. Byggjeår er noko usikkert, men eldste årstalet vi finn er 1920, innhoggje i eine takåsen. Det har opp gjennom tida vore utført ymse vedlikehaldsarbeid på bue, i hovudsak utvendig, slik at ein har behalde mykje av det opprinnelege innvendig. Det vart skifta tak i 2008 og i 2014 vart det skifta glas, etterisolert og skifta utvendig kledning.

I 2021 vart det montert solcelleanlegg. Det er da strøm til ljos og eventuelt lading av mobiltelefon e.l. Kvar enkelt må ha med seg ladeplugg ("billadar" og eigen ladekabel).

Vargebue ligg like ved oppstigninga mot Knutshøe, og stigen som går mot Leirungsdalen og Øvre Leirungen passerer like bortafor. Det er einaste bue i området. Bue inneheld to rom og ein gang, i tillegg er det eit uthus med utedo og vedskåle. Det eine rommet er opphaldsrom med sofa, spisebord og peis. I det andre rommet er det ein liten kjøkenkrok i eine enden, og sengene i andre enden. Det er tre senger, og i tillegg ei ekstra madrass slik at det er mogleg å liggje på golvet. Elles går og det an å overnatte på sofaen. Av kjøkenutstyr er det koppar og kar, kjeler, panne og bestikk mm, kokking skjer på gassbluss. Det er ikkje er kjøleskap i bue, men ein liten jordkjellar som kan nyttast til kjølevarer. Det er dårleg med rennande vatn heilt inntil bue, men det ligg ei lita tjønn rett ved sida av der det er fint å hente vatn om sommaren (ikkje drikkevatn). Drikkevatn kan hentast i Varga (bekken du kryssar på tur mot bue), eller at du tek med drikkevatn sjølv. Om vinteren er det mogleg å hente vatn frå Leirungsåa. Ved, gass og reinhaldsutstyr er inkludert i leigeprisen.

 

 

Hytte-/Avbestillingsregler

  • Leigetakar disponerer hytta frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 14.00 avreisedagen. Reiser du ut på fiske/tur på avreisedagen og veit at du ikkje vil vera attende før kl. 14.00 må hytta vera rydda og klargjort før ein reiser ut.
  • Før avreise skal hytta vera vaska, rydda og klargjort for nye gjestar.Det er opphengt plakat med retningsliner og nødvendig utstyr for reinhald i hytta. Hugs å ta med alt av matrestar, også tørrvare!
  • For at alle skal få trygge og gode opphald er det viktig at og gjestane tek ansvar for smittevernet. Det er utplassert utstyr for overflate/ hånddesinfeksjon på alle hyttene. 
  • Betjeningspanel for solcelleanlegg er i gangen. Hovudbrytaren må slås på ved ankomst, og skal stå på "AV" når ein reiser. Andre brytarar skal ikkje røyvast.
  • Gjer deg kjent med kor brannslukningsapparatet er, og sjekk at røykvarslarar fungerer. 
  • Ha med eige sengetøy og sovepose
  • Ved manglande reinhald vil leigetakar bli fakturert for reinhald/ rydding. Kostnad blir avgjort ut i frå arbeidstid som blir brukt for å få hytta i tilfredsstillande stand. Minimum kr. 750,-
  • Det er lov med hund, men hundar skal ikkje liggje i senger eller møbler. Dersom hund skal vera att aleine i hytta skal den vera trygt plassert i bur for å unngå skader på hytta og/eller møbler/inventar. Det står bur i gangen.
  • Eventuelle skader som oppstår på hytta og/eller inventaret skal varslast til ein av fjellstyret sine tilsette.

 

Reglar for avbestilling:

  • Ved avbestilling meir enn 4 veker før leigestart blir 85% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 4 veker før leigestart blir 75% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 2 veker før leigestart blir 50% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 1 veke før leigestart blir 25% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 1 døgn før leigestart blir det ikkje attendebetalt leige.

Varsel om avbestilling skal skje på e-post til fjellstyret, vaga@fjellstyrene.no.

 

Nøkkelhenting

Nøkkel heng i kodeboks ved døra. Kode blir oppgjeve på kvittering frå Inatur når booking er bekrefta, og betalt.

Veibeskrivelse

Om sommaren: Parker på parkeringa ved Vargebakken, følg stigen i retning Knutshøe. Gå ned langs gjerdet. Ta til venstre og kryss Varga på gangbrua, gå opp bakken og over gjerdet, ta til venstre der stigen går opp mot Knutshøe, Ca 1,2 km å gå. Bua er enkel å finne sidan det er einaste hytta i området.

Om vinteren må ein gå frå Maurvangen på ski. Følg vegen oppover mot Valdresflya, det er ein fordel å gå eit stykkje innover mot Leirungsmyra, da flatar det ut og ein slepp å krysse nokre djupe dalsøkk med oppakning evt. pulk. Ca 5-6 km å gå.

Fv. 51 over Valdresflya er vinterstengt mellom Beitostølen og Maurvangen (i utgangspunktet i perioden 15.12-15.04, men dette kan variere etter vær- og snøforhold). På hausten/våren kan vegen bli stengt på stutt varsel når værforholda tilseier det. Det lønner seg difor å sjekke oppdaterte vegmeldingar om ein kjem frå Valdressida.

Det er rutegåande trafikk innover Sjodalen kun i høgsesongen i sommarhalvåret, ein er difor avhengig av privatbil elles i året.

Turtips

Vargebue er eit fint utgangspunkt for turar både sommar og vinter. Bue ligg heilt inntil stigen mot Knutshøe, og er eit godt utgangspunkt for toppturar på sørsida av Gjende. Der er det fleire 2000-meters toppar å velgje mellom. Vil ein ikkje opp på dei høge toppane, er det god stig mot Leirungsdalen. Ønskjer du å gå Besseggen, tek det ca. 5 min å kjøre frå parkeringsplassen til Gjendeosen/Reinsvangen. Elles er Valdresflyområdet eit populært område for vårskiturar. 

Vågå fjellstyre har gode tilbod for dei som vil drive jakt og fiske. På heimesida finn du meir informasjon om jakt og fiske. På oversida (austsida) av Valdresflyvegen er det treningsfelt for fuglehund som er open i tida 21.08-14.09, elles er det i februar og mars lov å trene fuglehund i heile statsallmenninga mot løysing av treningskort.

Det tek ca. 45-50 min å gå ned til Øvre Leirungen, der er det lov å fiske både med stong, oter og garn for alle, og fjellstyret har båt til utleige/utlån der (nøkkel må hentast på Besseggen fjellpark, Maurvangen). Elles er det bra stongfiske i Leirungsåa ned mot Øvre Leirungen. Vil ein ha seg ein skikkeleg fjelltur kombinert med fiske er Bukkehamartjønne eit alternativ. 

Kort for fiske, småviltjakt og hundtrening kan løysast her på Inatur (eller på ei av turistbedriftene i området).

 

 

Andre aktuelle tilbud