Knutsbu-fin lite støylsbu for to ved Nasatjønn. Fin utsikt med kveldsol.
Knutsbu- ligg fint til ved sidan av støylen Nasaroi, i austenden av Nasatjønn. Fint turterreng og godt fiske. Min 2 døgn leige.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 2 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 40 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 13:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
6 km (vinter)
- Adresse
- Haukeliheia
- Poststed
- 3895 Edland
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Me, Gyri og Raymond bur på garden Midtveit i Haukeli. saman med våre tre born på 8 år, 11 år og 18 år.
Etter mange år i Lofoten/ Vesterålen overtok me garden i 2013. Gyri jobbar som lærar og Raymond jobbar som rørlegger.
Me er glad i å gå på tur sommar og vinter og er godt kjende på fjellet. Spør oss gjerne om du vil ha turtips!
Om hytta
KNUTSBU
Knutsbu er eit ombygd støylshus. Har kjøkken og stoge/ soverom. På kjøkkenet er det bord, benk og krakk og kjøkkenkrok med matskap og propankoketopp.
Stoga har sofa, bord og to stolar, køyeseng (90 cm) og vedovn.
Utedo på baksida av huset. Vannkran ute.
150 meter til Nasatjønn. Fin utsikt med kveldsol mot vest.
Ligg 200 meter frå støylshuset Nasaroi. Kan nyttast som ekstra husvære om det er fleire familiar som ynskjer å feriere i lag.
VEGBESKRIVELSE
Køyr til Haukeli og Haukelitunet/ Esso. Ta av veg mot Arabygde. Køyr ca 400 meter til skilt til UTGARDEN. Ta av her og følg bygdevegen til siste garden (Utgarden). Her kjem de til grind. (Bompengar kr 30,-).
Køyr oppover langs grusveg. Følg vegen til endes til de kjem til enden av Nasatjønn. Knutsbu ligg synleg rett ved parkering.
Hytte-/Avbestillingsregler
Obligatorisk utvask.
Mangelfull utvask vil bli fakturert med minimum 800,-.
Nøkkelhenting
Nøkkel i nøkkleboks ved sidan av inngangsdør, høgre side. Kode vil du få i bookingbekreftelsen.
Turtips
Haukeliheia er ei fin lita hei for friluftsglade folk. Fint turterreng for heile familien sommar og vinter. Støylsvegar ein kan utforske til fots eller på sykkel- eller barnevogn (offroad).
Her kan ein møte på mange slags dyr: Elg, hjort, rådyr og iblant reinsdyr. Rikt fugleliv med anna rype og storfugl.
Fine turar sommarstid på Haukeliheie:
Nasafjell
Heibok
Videmonuten
Rundt Heibok
Gjøsløysdalen via Dalakvammen
Pilgrimsvegen over til Vågslid
Tjønndalen via Måketjern
Fint å fiske og bade i Kranstjern
Nasaroi er eit fint utgangspunkt for å utforske Vinje:
Tur på Haukelifjell: Vesle Nup, Havradalen, Dyreskar (støylsbesøk der ein kan få kjøpt geitost)
Besøke Tungvannsmuseet på Vemork, Rjukan
Gaustatoppen
Rundtur over til Hovden-Valle- Dalen- Åmot-Haukeli
Kulturtur Vinje rundt- besøke Myllarheimen-Raulandsutstillinga- Vinjeutstillinga, Mjonøy og Haukeliutstillinga
Kafètur til Bjåen Fjellstove- fint turterreng