Forsthytta i Randsverk rett ved Jotunheimen, Vågå.

Triveleg og restaurert hytte med sjarm og historie. Fint utgangspunkt for fjellturar, jakt og fiske i Jotunheimen.

Størrelse og ankomst

Senger til
6 personer
Antall soverom
2
Areal
45 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 14:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Fuglsetervegen
Poststed
2683 Tessand

Beliggenhet

Kontakt utleier

Vågå fjellstyre

Oskar Pettersen / Knut Øyjordet

99599440 / 909 66277

vaga@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Vågå fjellstyre forvaltar, etter Fjellova, bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Innafor området finn du m.a. Besseggen, Gjende, Sjodalen og Lemonsjøen.

For meir opplysningar sjå heimesida vår: Vågå fjellstyre

Om hytta

Triveleg hytte i seterområde i Randsverk i Vågå. Forsthytta vart bygd i ca. 1880, og interiør ber preg av det, så det er ei hytte med særpreg, der historia "sit i veggane". Det har opp gjennom tida vore utført ulike vedlikehaldsarbeid på hytta, så noko standardheving har det vore sidan 1880. I 2016 vart taket renovert, og det vart sett inn ein ny vedovn. I 2018 vart det gjort eit større vedlikehaldsarbeid, rommet som før var kjøken vart omgjort til soverom, slik at hytta nå har to soverom. Ny kjøkeninnreiing vart montert i opphaldsrommet. Golva vart slipte og lakka, og veggane på soveromma fekk ny farge.

Hytta ligg like ved vegen som fører inn mot Glitterheim i Jotunheimen, og er eit godt utgangspunkt for jakt, fiske og fjellturar. Om du vil gå Besseggen, tek det ca. ein halvtime med bil til Gjendeosen. Det er ca 5 km til Lemonsjøen, der det er både alpinanlegg og svært godt utbygd skiløypenett. Elles er det ca. 1 km til Randsverk Camping der det er sesongopen kiosk/butikk og kafe.

Det er to soverom med 6-8 sengeplasser (to familiekøyer, og ei vanleg køye), kjøken med spiseplass og stugu med salong, peis og spisebord i hovudrommet. Elles er det innreidd ein enkel "vaskekrok" i gangen (der er det kaldt om vinteren..), og ein "vaskekrok" på eine soverommet. Området rundt hytta er inngjerda, og med plass for parkering. Det er ein ny, men enkel "gamledags" utedo i uthuset.

 

Forstassistent, I. Hadeler Bruun sende i  januar 1878 ein søknad til forstmester J.B. Barth om midlar til å byggje ei forsthytte i Randsverk. Forstassistenten fann av mange ulike grunnar uhaldbart å losjere på setrene i Randsverk, i sitt arbeid i skogen i Langmorkje, m.a på grunn av mykje uro om nettene sidan "som bekjent ere arbeidsfolk her stedse oppe fra klokken 4 om morgenen, under moseinnsamlingen endog adskillig tidligere", og inneklima på setrene var vel og så som så, han skriv ihvertfall; " At ogsaa de atmosfæriske forholde under saavidt stor ansamling af Mennesker, ikke altid af renfeldigste slags, i forbindelse med at ysting og koging foregaar i samme fællesrom bliver alt andet end sunde og behagelige er en selvfølge..... . J.B. Barth sende svar om at skogdirektøren hadde innvilga søknaden med kr. 650,- til bygging av forsthytte i Randsverk den 9. juni 1878.

Hytte-/Avbestillingsregler

  • Leigetakar disponerer hytta frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 14.00 avreisedagen. Reiser du ut på fiske/tur på avreisedagen og veit at du ikkje vil vera attende før kl. 14.00 må hytta vera rydda og klargjort før ein reiser ut.
  • Før avreise skal hytta vera vaska, rydda og klargjort for nye gjestar.Det er opphengt plakat med retningsliner og nødvendig utstyr for reinhald i hytta. Hugs å ta med alt av matrestar, også tørrvare!
  • For at alle skal få trygge og gode opphald er det viktig at og gjestane tek ansvar for smittevernet. Det er utplassert utstyr for overflate/ hånddesinfeksjon på alle hyttene. 
  • Gjer deg kjent med kor brannslukningsapparatet er, og sjekk at røykvarslarar fungerer. 
  • Ha med eige sengetøy, eventuelt laken og sovepose
  • Ved manglande reinhald vil leigetakar bli fakturert for reinhald/ rydding. Kostnad blir avgjort ut i frå arbeidstid som blir brukt for å få hytta i tilfredsstillande stand. Minimum kr. 750,-
  • Det er lov med hund, men hundar skal ikkje liggje i senger eller møbler. Dersom hund skal vera att aleine i hytta skal den vera trygt plassert i bur for å unngå skader på hytta og/eller møbler/inventar. Det står bur i gangen.
  • Eventuelle skader som oppstår på hytta og/eller inventaret skal varslast til ein av fjellstyret sine tilsette.

 

Reglar for avbestilling:

  • Ved avbestilling meir enn 4 veker før leigestart blir 85% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 4 veker før leigestart blir 75% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 2 veker før leigestart blir 50% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 1 veke før leigestart blir 25% av leigesummen attendebetalt.
  • Ved avbestilling mindre enn 1 døgn før leigestart blir det ikkje attendebetalt leige.

Varsel om avbestilling skal skje på e-post til fjellstyret, vaga@fjellstyrene.no

Nøkkelhenting

Nøkkel heng i kodeboks ved døra. Kode blir oppgjeve på kvittering frå Inatur når booking er bekrefta, og betalt.

Veibeskrivelse

Sving av Fv. 51, Sjodalsvegen, i Randsverk og inn på Fuglesetervegen, kjør den ca. 500 m, hytta ligg på venstre side av vegen. Følg skilting mot Glitterheim/ Jotunheimen.

Turtips

Vågå fjellstyre har gode tilbod for dei som vil drive jakt og fiske. For meir informasjon om dette og kortsalg finn du på fjellstyret si heimeside. 

Elles er hytta eit fint utgangspunkt for fjellturar i Jotunheimen både om sommaren og vinteren, og for sykkelturar.

 

Andre aktuelle tilbud