"Storhytta"- gratis fiske og båt inkl. Badeplass.

Hytta, " Sundflaten Store" ligg fint til ved Tveitevatn, kjend for fin fisk.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
8 personer
Antall soverom
3
Areal
70 m2
Ankomst
tidligst kl 17:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Varmepumpe. Panelovn. Ved kan kjøpast for 100 per 40 l sekk.
Strøm
Inkl.
Toalett
wc
Vann
Ja innlagt varmt og kaldt. Dusj og wc.
Dusj
Ja
Kokemuligheter
Komfyr med 4 plater og steikerom.
Oppbevaring av mat
To kjøleskap. Eit lite på kjøkken og eit større kombiskap i gang.
Sengetoy
Kan leigast for kr 150,- per sett inkludert stort og lite handklede. Merk: På sengene er det madrassovertrekk og puteovertrekk. Alle MÅ allikevel bruke eiga sengetøy!
Kjøkkenutstyr
Alt av nødvendig utstyr. Vaffeljern, kaffetraktar.

Om oss

Me, Gyri og Raymond bur på garden Midtveit i Haukeli. saman med våre tre born på 3 år, 5 år og 12 år.

Etter mange år i Lofoten/ Vesterålen overtok me garden i 2013. Gyri jobbar som lærar og Raymond driv Haukeli Rør ved sidan av offshore jobb.

Me er glad i å gå på tur sommar og vinter og er godt kjende på fjellet. Spør oss gjerne om du vil ha turtips!

 

Vedlagte filer

Kontakt oss

Midtveit Hytteutleige

Gyri Midtveit

95 93 57 93/ 90 17 36 02

gyri@midtveit.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Vegbeskrivelse:

E18 fra OSLO til DRAMMEN, vidare langs E134 gjennom NOTODDEN, SELJORD

og ÅMOT til EDLAND, men ta av til venstre rett før sentrum mot VELEMOEN    

CAMPING/HAUKELI SKIANLEGG. Køyr over lita bru og ta til venstre. Fortsett ca 150 meter  langs vatnet fram til hytta på høgre side, ca 100 m fra vannkanten. 

Total avstand: 260 km.  

*Alternativ rute frå Oslo er via Åmotsdal, Rauland, Arabygde og Edland. Du vil då koma inn på E-134 vestanfrå.

 

Om du kjem frå Haugesund/ Bergen:

Køyr E134 over Haukelifjell ned til bygda Haukeli/ Edland. Køyr gjennom bygda langs E134 til du kjem til 

VELEMOEN CAMPING/ HAUKELI SKIANLEGG. Ta av til høgre her og køyr over lita bru og ta til venstre rett etter brua. Fortsett ca 150 meter  langs vatnet fram til hytta på høgre side, ca 100 m fra vannkanten.

 

Hytta ligg roleg til med elg og rådyr som nærmaste nabo. Lysløype rett ved hytta samt turvegar. Haukelifjell Skisenter er 20 min køyring unna, Hovden Skisenter 30 min og Rauland Skisenter er 50 min unna.

 

Vinterstengte/ kolonnekøyring over E-134 er aldri eit problem for oss om ein kjem austanfrå (Oslo/Kongsberg/ Seljord). Om ein kjem frå vest (Bergen/ Haugesund/ Odda/ Røldal/ Haukelifjell) bør ein sjekke ver og føreforhold for fjellovergangen E-134 over Haukelifjell.

Hytteregler/Avbestillingsregler

Ikkje lov med hund i hytta. Det er ikkje lov å røyke inne i hytta!

 

Dette må du ta med:

  • Sengetøy/lakenpose/ sovepose og handklede(det er puter og dyner til 6 pers i hytta) Vi leier ut dette for kr 150 per sett om ein har gløymt dette, inkl stort og lite handklede. Det er madrasstrekk og putetrekk men det skal allikevel nyttast eige sengetøy.
  • Stearinljos 
  • Ta også med reingjeringsklutar (gulv og bord). Vaskemiddel samt toalettpapir er der i hytta.

 

Ved avreise

Rydd og vask hytta med varmt såpevatn. Riste teppe. Tøm ovnane for aske. Ta med søppel og tomgods. Avfallstasjon for restavfall, glass, papp og papir ved sidan av Edland Treindustri (Industrianlegg).http://kart.minrenovasjon.no/#/RV/11/94239/6642241

 

Mangelfull utvask/ rydding vil bli fakturert med minimum kr 800,-

Nøkkelhenting

Nøkkel er i nøkkelboks ved sidan av inngangsdøe. Kode får du med bookingbekreftelse frå Inatur.

Turtips

Fiske

Gratis fiske på grunneigars del av Tveitevatn (frå hytte til bekk aust for hytta). For fiske utover dette i Tveitevatn kan fiskekort kjøpast på www.inatur.no (ikkje oterfiske)

 

Langrenn

Ca 7,5 km lang ysløype rett ved hytta.

Flotte langrennsløyper på Haukelifjell.

 

Oppdatert løypeinfo om både løypa nede ved Sundflaten og på Haukelifjell på 

www.skisporet.no

 

Alpint

Hytta ligg 20 min frå Haukelifjell Skisenter- sjå www.haukelifjell.com

100 meter frå hytta har IL Rein laga park med lite tautrekk, bigjumps, nokon rail etc. Opningstidene er ikkje faste men er stort sett oppe kvar fredag og annakvar onsdag.

https://www.friflyt.no/Ski/Puster-nytt-liv-i-nedlagt-skianlegg-ved-Haukeli-faar-nesten-en-halv-million-kroner-i-stoette

 

 

 

Fjellskitur

Fantastiske områder for turar på Haukelifjell:

  • Stikka løype frå Haukeliseter Fjellstue sørover og nordover
  • Sæsnuten med start frå Vågslidtun Hotell (ikkje merka)
  • Langesæ-start ved Kjela Kraftverk (ofte spor inn)

 

Bykleheia, mellom Hovden og Haukeli

  • Karten Fjellkyrkje, liten fin familietur med start Stokketjønn. Dei spreke kan besøke Magnushellene.

 

Flatafjell, mellom Arabygde og Haukeli

  • Trimboka på Flatafjell- fin tur med definert mål- "bokje". Ikkje merka men det går ofte spor dit.

 

Hundekøyring

Haukeli Husky held til ved riksvei 362, ca 9 km fra Edland\Haukeli. Tilbyr korte og lenger turar i fantastisk terreng.

www.hundespann.no

 

Symjehall

Edland Skule har 12,5 meter langt basseng opent fleire dagar i veka: 

Mandag kl 17-21

Onsdag kl 18-20

Fredag kl 18-21

Laurdag kl 16-18

*forbehold om stengt i feriar.

 

Midtveit hytteutleige på Facebook

Andre aktuelle tilbud