Hytte i Birtedalen i Fyresdal. Mange fine fiskevatn!

Birtehytta ligg fint til i sørenden av Birtevatn i Fyresdal. Flott område for friluftsliv, med godt fiske og turstiar i variert terreng opp til 900 moh. Oppkøyrde skiløyper vinterstid.

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
2
Ankomst
tidligst kl 16:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Birtevegen 204
Poststed
3870 Fyresdal

Beliggenhet

Kontakt utleier

Stein Helge Lassemo

Grethe Lassemo

+47 97788988

glassemo@gmail.com

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Du kan lese litt om oss på heimesida vår, Gamletovsli

For å sjå fleire bilete frå området kan du sjekke desse sidene:

Facebook: Gamletovsli - hyttetomter - naturopplevingar, jakt og fiske i Birtedalen

Instagram: @gamletovslino, @grethelassemo 

Om hytta

Birtehytta ligg flott til i Øvre Birtedalen, i Fyresdal i Vest-Telemark. Ei enkel, triveleg hytte med plass til fire, som ligg heilt i sørenden av Birtevatn med sandstrand, sein kveldssol og utsikt til fjella rundt. Terrenget er myrlendt, med tjern og skog, mange turstiar, og du treng ikkje gå langt for å kome over skoggrensa. Her kan du fiske, padle, plukke bær, gå i skogen eller på fjellet. På vinterstid blir det køyrt opp skiløyper som ligg rett ved. Det er bilveg heilt fram til Birtehytta. Robåt ligg ved Birtesanden. Redningsvester kan lånes.

Hytta har kjøkken, stove og fire enkeltsenger, ca 190 lange, i køye, fordelt på to soverom. Enkel standard, utedo i svalegangen og ikkje innlagt vatn eller straum. ​Vatn hentar du i bekken, eller i brønnhus, og maten lagar du med propan og kokeplate. Forbruksvarar som fyrstikker, toalettpapir og stearinljos må du ta med sjølv. 

Ver merksam på at det kan vere mykje knott og mygg i området i juli månad.

Hytte-/Avbestillingsregler

· Vatn hentast i bekken eller i brønnhus etter avtale med oss.

· Søppel, papir, glas og tomgods kan leverast i containerar ved Klauvåsbrua, ved innkøyringa frå hovedvegen.

· Fyrstikker, dopapir og stearinljos er forbruksvare og må takas med.

· Har de ikkje bestilt reingjering av hytta etter endt opphald, skal hytta forlatast i same stand som da de kom.

· Reingjering av hytta kostar kr 450,-.

Nøkkelhenting

Ta kontakt med oss på førehand for å avtale henting av nykel.

Veibeskrivelse

Avstandar til Birtedalen og vegforklaring:


Frå Kristiansand, cirka 150 km.
Frå Arendal, cirka 120 km.


Begge desse; køyr til Åmli, via Gjøvdal, langs Nesvatn. Ved krysset i Løkjedalen, Øvre/Nedre Birtedalen køyrer du mot Øvre Birtedalen 4 km, ta til venstre over Klauvåsbrua (den fyrste brua på venstre side), fylg så skilting mot Birte.

 

Frå Skien, cirka 170 km.
Frå Oslo, cirka 270 km.

Begge desse; køyr til Fyresdal, ta til høgre ved flyplassen mot Birtedalen. Ved krysset i Løkjedalen, Øvre/Nedre Birtedalen køyrer du mot Øvre Birtedalen 4 km, ta til venstre over Klauvåsbrua (den fyrste brua på venstre side), fylg så skilting mot Birte.

Turtips

Kviptefjell, Nasefjell og Jåmsfjell - desse turane er merkte og har gode stiar. Ved varden på toppen finn du bok til å skrive namnet ditt i.

Elles har DNT merka løyper til turisthyttene Granbustøyl, Nutevasshytta, Nystøyl og Hengeltjørnloftet, med utgangspunkt i Birtedalen.

Birtedalen sti- og løypelag er på Facebook, og her blir det med jamne mellomrom lagt ut bilete og førerapportar frå området.

Andre aktuelle tilbud