Arabu Hyttegrend-Møsstrond/Rauland

Arabu er i fyrste rekke staden for alle som set pris på fjellet og vidda, på naturopplevingar og fysisk aktivitet i nærkontakt med uberørt natur.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
8 personer
Antall soverom
3
Areal
72 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 11:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Om oss

Arabu Hyttegrend ligg på 950 moh og består av sju hytter som ligg 200 meter frå Møsvatn og dermed ved innfallsporten til Hardangervidda. Arabu ligg mellom Rauland og Rjukan med kort veg til ein rekke aktivitetar sommar og vinter.

Kontakt oss

Olav Henning Dagalid

90674132-41695553-90974340

post@arabu.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Hytta har same avkjøring frå Varlansvegen som Varlandsvegen 125 Ligger på eigendom 158/7 i Vinje

Hytta ligg på Møsstrond, mellom Rauland og Rjukan, med fiske og turmogleghetar rett utanfor døra.

På Arabu får du følelsen av å vera på fjellet, med Hardangervidda nasjonalpark som nærmaste nabo!

 

Hytta er på 72 m2. Inneheld stoge med kjøkkenkrok, bad med dusj,toalett og badstoge.

Hytta har tre soverom,eit med dobbeltseng,to med køyeseng, med brei underkøye - i alt åtte sengeplassar.
Kjøkken med komfyr,micro, kjøleskap m. fryser, kaffetrakter,vannkoker, og oppvaskmaskin.

Varmekablar i alle rom,og stoge med peisovn. Tv med parabol, trådlaust internett.Gratis WiFi.

Vedskjul og uttak for motorvarmarar. Grill. Hugs myggmiddel,då det vesle krypet kan vera plagsom på sommaren.

Robåtar til utlån,( gratis).De kan gjerne ta med eigne fiskegarn.Fiskekort kan kjøpast hjå hytteeigar. Dagskort kr.55,- vekekort kr. 160,-. Kun kontant betaling.

Besøk www.arabu.no eller arabu.org for meir informasjon og bilete.

 

 

Aktivitetar

Kort veg til ulike aktivitetar og attraksjonar som Industriarbeidermuseet, Krossobanen og strikkhopping på Rjukan. På Rauland kan ein gå på ymse kunsutstillingar som Dyre Vaa-samlingane, Skinnarlandsamlinga og Rauland Kunstforening. Ein tur til Falkeriset er verdt å få med seg, der kan ein gå på steinlagt sti heilt til toppen, laga av sherpaer frå Peru.Ut frå Skinnarbu Hotell går det mange fine stiar,både lengre og kortare, etter form og humør.Der er du så og sei på fjellet med ein gong.Ein tur på den populære Bossnuten, 1431 m.o.h., er også verdt å få med seg.Om sommaren går rutebåten Fjellvåken II på Møsvatn frå Skinnarbu til Mogen, på ein fin dag er dette ein flott måte å oppleva naturen på!

 

Vinterstid er ski og isfiske noko av det ein kan oppleva her. Arabu høyrer til dei få stader som kan tilby eit nær uavgrensa område for turskiløyparar med heile Hardangervidda å ta av. Me har utvikla vårt eige løypenett som er kopla saman med resten av det omfattande løypenettet i Raulandsområdet, ein må derfor bu lenge på Arabu før ein treng å gå same turen om att! Kort veg til område med skitrekk og kjelkebakkar, deriblant Vierli med Nord-Europas største Airboardsenter.

 

Besøk http://visitrauland.com/ for meir informasjon om aktivitetane i nærområdet.

 

 

 

Hytteregler/Avbestillingsregler

  • På avreisedagen må De forlate hytta seinast kl.11.00
  • Hytta skal forlatast i same stand som den var då De kom, ryddig og rein.
  • Hytta skal vaskast etter bruk, eller De kan avtale med hytteeigar og få hytta vaska for kr.400,-Oppvasken er ikkje inkludert i sluttvask.
  • Ver venleg, la dusjforhenget henge fritt til tørk etter bruk.
  • Veden i vedskjulet er kun til innandørs bruk, og det er strengt forbudt å fyre bål utandørs.
  • Flytevestar kan lånast hjå hytteeigar.
  • Skulle noko verta øydelagt medan De er her, ver venleg gje beskjed om dette med ein gong.
  • NB! Tømming av oske ut av vedovnen skal kun gjerast av hytteeigar.
  • Hundar skal ikkje vera oppi senger eller møblar - brot på dette, medfører ei avgift på kr.1000,-.
  • Hundane SKAL vera i band når dei er ute.
  • Forbudt å røyke inne i hytta.
  • Ver forsiktige med levande lys.
  • Dersom de avbestiller tar me eit gebyr på kr. 1000,-.

Nøkkelhenting

Ring hytteeigar før ankomst.

Andre aktuelle tilbud