Ved innfallsporten til Hardangervidda

Hytte ved Møsvatn i Telemark. Fine tur og fiskemogleghetar. Ørretvatn, elv og garnfiske i Møsvatn. Båt m/ motor og eit garnsett er inkludera i prisen.

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
2
Areal
70 m2
Ankomst
tidligst kl 14:00
Avreise
senest kl 12:00
Avstand fra vei
7 km (sommer)
7 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Olav Henning Dagalid

90674132 eller 90974340

post@arabu.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Hamaren Jakthytte leigast ut av Arabu Hyttegrend. Arabu har og åtte andre utleigehytter. Sjå eigen Inatur side om Arabu, eller besøk vår heimeside.

Om hytta

Hytte ved innfallsporten til Hardangervidda, ved Møsvatn i Telemark. Det er 7 km til næraste bilveg, transporten til hytta skjer med båt Transport tur/retur til hytta med båt er inkludert i leigeprisen.Må dere ha fleire båtturar enn ein, kostar det kr. 700,-.ein veg. Hugs varme klede til båtturen, då det er ein open båt.

Gratis garasjeplass til ein bil på Varland,(utgangspunktet for båtreisa), har de fleire bilar må de betale parkeringsavgift på plassen. Kontant betaling.

Fiskekort for Møsvatn fås kjøpt av utleigar, hugs kontanter til dette. Dette kostar kr 160,- for ei veke pr. person eller kr. 55 pr. dag pr. person.Gje beskjed dersom Dere behøver flytevest.

Sjå kart for å finne beliggenhet. Fine tur og fiskemoglegheitar. Ørretfiske med stang i Skinvatn og i Skinåi, garnfiske i Møsvatn. I Skinvatn har dere anledning til å bruke en robåt. I Møsvatn er det både røye og ørret. I Møsvatn har dere båt m/ motor, og eit garnsett er inkludera i prisen. Hytta har 8 sengeplassar fordela på to soverom.Der er dyner og puter til 8 personer, men sengetrekk må dere ha med sjølve.Vil de leige, kostar det kr.100,- pr.sengesett. Sluttvask kostar kr. 700,-.Dersom De avbestiller, så tek vi eit gebyr på kr. 1000,-. Også mogleghetar for småviltjakt. Hugs å ta med myggmiddel,da det vesle vesenet til tider kan vera veldig plagsom.

Velkomne skal De vera.

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

Hytta ligg i nærleiken av bjørkeskog, men lett tilgang til bratte, snaue fjell. Fine turmogleghetar. Hytta ligg 950 moh. Det går en merka sti opp til skoggrensa, fin tur opp til Hamresåta.Skriubotn er også i nærheten, der heimefronten heldt til i ei hytte under krigen. Denne hytta står no nede på Vemork., Norsk Industriarbeidermuseum.

Episode med "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"  frå nabogarden Skindalen.  Video

 

Anbefalte lenker

Sjå og hyttetilbud på  Arabu Hyttegrend.

 

Hytte-/Avbestillingsregler

JAKTHYTTA  PÅ HAMAREN

 

Velkomen til Jakthytta her på Hamaren. Her har det vore både jegerar og fiskerar i mange generasjonar.  Så her har det nok vorte hausta mykje frå naturens spiskammers, sikkert vorte fortalt mange gode jakthistoriar og mange fiskeskrøner.  Håpar De som gjester får eit fint opphald her.

 

REGLEMENT

 

Hytta skal forlatast i same stand som den var når De kom, ryddig og rein.

 

Hytta skal vaskas etter bruk, eller De kan avtale med hytteeigar og få hytta

vaska for kr. 700,-. Hugs kontanter, då vi ikkje har kortterminal.Oppvasken er ikkje inkl. i sluttvask.

 

Skulle noko verta øydelagt medan De er her, ver vennleg å gje beskjed om dette.

 

Ver forsiktige med levande lys.

 

Veden i vedskjulet er kun til innandørs bruk. Fyll gjerne opp vedkassa, til nestemann som kjem...

 

Bålfyring skal og må kun skje nede ved vatnet.

 

Rydd og tak med søppel når De er ute på tur, og  samle alt søppel i søppelsekken som er i vedskjulet.

 

Tømming av oske ut av vedovnen , skal kun gjerast av hytteeigar.

 

Hugs å fortøye båtane godt etter  bruk, då Møsvatn er eit regulera vatn, så vannstanden går opp og ned.

 

NB!!! HUNDAR SKAL IKKJE VERA OPPI MØBLANE ELLER SENGENE, DETTE ER STRENGT FORBODE.

Brot på dette medfører eit straffegebyr på kr. 1000,-.

Minner alle hundeeigarar om båndtvangen.

Nøkkelhenting

Nøkkelhenting avtales med utleier.

Veibeskrivelse

7 km til fast vegforbindelse. Transport med båt. Transporten er inkludert i leigeprisen.

Andre aktuelle tilbud