Hytte Håbergsholene - Aurland

Aurland fjellstyre tilbyr godt utstyrt hytte på toppen av Aurlandsdalen. Hytta ligg ved anleggsveg vest om Geiteryggen. Ved leige utanom sesong 15/7- 30/9, ta kontakt direkte på fjellstyrekontoret.

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
2
Areal
60 m2
Ankomst
tidligst kl 17:00
Avreise
senest kl 17:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
7 km (vinter)

Adresse

Adresse
Aurland Statsalmenning
Brubotten, Stemmerdalen
Poststed
5745 Aurland

Beliggenhet

Kontakt utleier

Aurland fjellstyre

57633566

aurland@fjellstyrene.no

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Aurland Fjellstyre forvaltar bruksrettane i statsallmenningen. I Aurland statsallmenning gjeld dette rettar som fiske, villreinjakt, hjortejakt, småviltjakt, stølar og beite.

Innanbygdsbuande får refundert 1/3 av leigeprisen ta kontakt med fjellstyrekontoret.

Om hytta

Håbergsholene er  Aurland sin høgastliggande støl på 1350 m.o.h. Stølsdrifta er for lengst historie, men murane frå dei gamle steinsela står igjen.
Hytta som me leiger ut, vart bygt i samband med Aurlandsutbygginga, den har innlagt, vatn, kjøleskap, fryseboks, komfyr og 10 sengeplassar + madrasser.

Hytta ligg i Aurland statsallmenning og det er gode moglegheiter for jakt og fiske i området.
Katlavatnet ligg eit steinkast frå hytteveggen, der det også er båt som ein kan nytta når ein leiger seg inn.

 Småviltjakt i Aurland. Fiske i Aurland. Heimeside.

 

Hytte-/Avbestillingsregler

Hytta blir leigd ut i sommarsesongen frå midten på juli til snøen kjem i september/ oktober. Leigar må vaske og rydde hytta etter bruk, forlat hytta i den stand du ynskjer finna den.

Nøkkelhenting

Ta kontakt med fjelloppsynet 95277539/ 47874374/ 99567650/ 93059637

Veibeskrivelse

Hytta ligg i Håbergsholene sør for Stemmerdalen som ligg langs fv. 50 mellom Aurland og Hol. Den ligg langs anleggsvegen til Katlamagasinet og blir leigd ut i sommarsesongen frå midten på juli til snøen kjem i september/ oktober.

Turtips

Hytta ligg på toppen av Aurlandsdalen, set av ein dag mellom fiskeøktene og ta turen ned dalen til Vassbygdi. Går fint å gå frå hytta og bort i DNT sitt løypenett ned Kringlefjellet til Østerbø, eller ta Berdalen ned til hovedstien i Aurlandsdalen.

Opna for garnfiske for alle i Katlavatnet, Aurland fjellstyre selge garnkort og låner ut båt og garn, ta kontakt aurland@fjellstyrene.no

Andre aktuelle tilbud