Heggebotthytta i Skjåk Almenning

Hytta ligg like ved Rv.15. Strøm, vatn, dusj, WC. Godt fiske med båt til utleige. 6 km til skianlegg i Botn med ljosløype.. 35 min til Lom/50 min til Geiranger. NB! Les info om nøkkelhenting!.

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
35 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 13:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen.10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Hytta ligg langs Rv 15, på nordsida av Heggebottvatnet i Skjåk. Det er gode fiskemoglegheiter like ved hytta, båt til utleige på Heggebottvatnet.

Elles er det mange turmoglegheiter med utgangspunkt frå hytta, bl.a. til Heggebottsetra og vidare innover Reinheimen.

Hytta ligg fint til som utgangspunkt for dagsturar både til Lom (ca 35 min), Galdhøpiggen, Sognefjellet eller vestover til Geiranger (ca 50 min) og Stryn (ca 1 t 30 min).

Det er innlagt vatn, dusj og do på hytta. Romfordeling med kjøkenkrok, stove og eit soverom der det er 2 køyesenger (plass til 5 personar).   

Sjå presentasjonsvideo av Heggebotthytta (Heggjeåsagje) her

Vinterstid er det oppkøyrde skiløyper i Botn regelmessig, ca 6 km vest for hytta, med lysløype. Du finn skianlegget i Botn ved å svinge av RV 15 like sør for Pollfoss Gjestehus. Skilta mot Framruste. Oppdatert løypeinfo på Skjåk Turløyper si facebook side;

https://www.facebook.com/skiogtur

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Hytta ligg ved Heggebottvatnet i Skjåk, like ved Rv 15. Avkøyringa er på oversida av vegen 5,2 km vest for Dønfoss og like aust for Nasjonalparkkiosken. 

 

Adressa til hytta er: Heggjeåvegen 12 - 2693 Nordberg.

https://goo.gl/maps/yMeTP1TR5EU8QtNE7

 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur
sjekk skredfaren på www.varsom.no 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien 1518 IV Pollfoss.

UTM 32 (Euref 89): Nord: 6867813 Aust: 448928

Turtips

La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den. 

Fiske

Om du vil på fisketur i området kan vi anbefale Heggebottvatnet og Pollvatnet. Vi har båt til utleige på Heggebottvatnet.

Det er også gode fiskevatn innover fjellet i Reinheimen med utgangspunkt frå Heggebottsetra eller Stamsetra (lang dagstur). Om du vil til Breheimen anbefalar vi å ta turen opp til Glittervatnet frå Botn seter - og gå vidare opp til vatna i Blankåhaugane (lang dagstur).

 

https://www.outdooractive.com/no/poi/skjak/pollvatnet/56009958/

 

Fottur og sykkel

Det er mange merka turstigar og uendeleg med turmoglegheiter i Skjåk, sjekk ut ein del av utvalet på 

Langrenn

Ca 6 km vest for Heggebotthytta ligg skianlegget i Botn med lysløype, skiskyttarstadion og milevis med langrennsløyper. Sesongen startar vanlegvis i desember, ofte tidlegare.

Skiheis

På Grotli er det skiheis og preparerte bakker frå vinterferien og utover.

Utsiktspunkt (sommar)

Ynskjer du ikkje gå så langt, men vil ha fin utsikt anbefalar vi ein tur til austre enden av Raudalsvatnet. Ein køyrer 5-6 km vestover på Riksveg 15, like før du kjem til Pollfoss tek du av Rv 15 der det er skilta mot Framruste. Vidare mot Framruste kraftverk, forbi kraftverket og fram til vegen svingar bratt opp til venstre, og opp på Bråtååsen. I krysset på toppen tek ein til høgre - og fylgjer vegen inn mot Raudalen. På toppen er det flott utsikt innover det store Raudalsvatnet og Breheimen Nasjonalpark - også fint å sykle!

Biltur aust eller vest

Elles er det fin dagsturavstand med bil til Lom (40 min), Galdhøpiggen, Sognefjellet eller vestover til Geiranger (50 min) og Stryn (1 t 30 min).

God tur!

Andre aktuelle tilbud