Heggebotthytta i Skjåk Almenning
Hytta ligg like ved Rv.15. Strøm, vatn, dusj, WC. Godt fiske med båt til utleige. 6 km til skianlegg i Botn med ljosløype. 35 min til Lom/50 min til Geiranger. NB! Les info om nøkkelhenting!.
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 5 personer
- Antall soverom
- 2
- Areal
- 35 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 13:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0 km (vinter)
- Adresse
- Industrivegen.10
- Poststed
- 2690 Skjåk
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
61213900
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.
Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart har området også blitt kjent for gode moglegheiter for fjellfiske. Det finst totalt 17 utleigehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.).
Skjåk Almenning er også eit sentralt punkt mellom aust- og vestland, der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Store delar av området er verna gjennom Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. Landskapet ber preg av urørt natur og viktige verneverdiar.
Skjåk Almenning har administrasjonsbygg i Bismo, der seks tilsette har kontorstad, i tillegg til tilsette frå Statens naturoppsyn, Mjøsen Skog, Dokkadeltaet, Skjåk idrettslag, DNT Gudbrandsdalen og Breheimen nasjonalparkstyre.
Kontaktinformasjon til dei enkelte finn du på heimesida vår, eller ta gjerne ein tur innom oss.
Opningstid for ekspedisjonen er måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00–14.00. Bedriftstelefonen er betent kvar dag kl. 08.00–15.30. Telefon: 61 21 39 00. E-post: firmapost@skjak-almenning.no
Om hytta
VI PUSSER OPP HYTTA INNVENDIG, NYE BILDER KOMMER!
Hytta ligg langs Rv 15, på nordsida av Heggebottvatnet i Skjåk. Det er gode fiskemoglegheiter like ved hytta, båt til utleige på Heggebottvatnet.
Elles er det mange turmoglegheiter med utgangspunkt frå hytta, bl.a. til Heggebottsetra og vidare innover Reinheimen.
Hytta ligg fint til som utgangspunkt for dagsturar både til Lom (ca 35 min), Galdhøpiggen, Sognefjellet eller vestover til Geiranger (ca 50 min) og Stryn (ca 1 t 30 min).
Det er innlagt vatn, dusj og do på hytta. Romfordeling med kjøkenkrok, stove og 2 små soverom der eit har ein køyseseng, mens det andre rommet har køyseseng med soveplass til 3.
Sjå presentasjonsvideo av Heggebotthytta (Heggjeåsagje) her:
https://www.youtube.com/watch?v=NOUB5XX67qc
Vinterstid er det oppkøyrde skiløyper i Botn regelmessig, ca 6 km vest for hytta, med lysløype. Du finn skianlegget i Botn ved å svinge av RV 15 like sør for Pollfoss Gjestehus. Skilta mot Framruste. Oppdatert løypeinfo på Skjåk Turløyper si facebook side:
https://www.facebook.com/skiogtur
Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.
Anbefalte lenker
Skjåk Almenning - hjemmeside
www.skjåk.no
http://www.skjåk.no
https://www.outdooractive.com/no/list/turar-i-skjak/209958831/
}
Hytte-/Avbestillingsregler
No refund if you change your mind, but contact us if you want to change the date or cabin, and we’ll try to help.
Hytta skal reingjerast etter opphald. Vask kjøkkenutstyr, koketopp, benker, bord og golv. Mangelfull reingjering medfører eit gebyr på kr 2 500.
Nøkkelhenting
Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i opningstida måndag, tirsdag og torsdag kl. 09.00–14.00, eller kontakt oss (tlf. 61 21 39 00) for avtale om annan henting. Hugs kvittering.
Ved booking på kort varsel utanom ordinær opningstid er Messenger føretrekt løysing for å nå oss raskt i samband med nøkkellevering.
Dersom ein nøkkel blir mist, må både nøkkel og tilhøyrande lås bytast. Den som har mist nøkkelen er ansvarleg for kostnadene. Det påløper eit gebyr på kr 5 000 for å dekke utskifting av lås og ny nøkkel.
Veibeskrivelse
Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.
Hytta ligg ved Heggebottvatnet i Skjåk, like ved Rv 15. Avkøyringa er på oversida av vegen 5,2 km vest for Dønfoss og like aust for Nasjonalparkkiosken.
Adressa til hytta er: Heggjeåvegen 12 - 2693 Nordberg.
https://goo.gl/maps/yMeTP1TR5EU8QtNE7
VIKTIG
Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.
Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur
sjekk skredfaren på www.varsom.no
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.
M711-serien 1518 IV Pollfoss.
UTM 32 (Euref 89): Nord: 6867813 Aust: 448928
Turtips
La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den
Fiske
Om du vil på fisketur i området kan vi anbefale Heggebottvatnet og Pollvatnet. Vi har båt til utleige på Heggebottvatnet.
Det er også gode fiskevatn innover fjellet i Reinheimen med utgangspunkt frå Heggebottsetra eller Stamsetra (lang dagstur). Om du vil til Breheimen anbefalar vi å ta turen opp til Glittervatnet frå Botn seter - og gå vidare opp til vatna i Blankåhaugane (lang dagstur).
https://www.outdooractive.com/no/poi/skjak/pollvatnet/56009958/
Fottur og sykkel
Det er mange merka turstigar og uendeleg med turmoglegheiter i Skjåk, sjekk ut ein del av utvalet på
https://www.outdooractive.com/no/list/turar-i-skjak/209958831/
Langrenn
Ca 6 km vest for Heggebotthytta ligg skianlegget i Botn med lysløype, skiskyttarstadion og milevis med langrennsløyper:
Sesongen startar vanlegvis i desember, ofte tidlegare.
Skiheis
På Grotli er det skiheis og preparerte bakker frå vinterferien og utover.
Utsiktspunkt (sommar)
Ynskjer du ikkje gå så langt, men vil ha fin utsikt anbefalar vi ein tur til austre enden av Raudalsvatnet. Ein køyrer 5–6 km vestover på Riksveg 15, like før du kjem til Pollfoss tek du av Rv 15 der det er skilta mot Framruste. Vidare mot Framruste kraftverk, forbi kraftverket og fram til vegen svingar bratt opp til venstre, og opp på Bråtååsen. I krysset på toppen tek ein til høgre - og fylgjer vegen inn mot Raudalen. På toppen er det flott utsikt innover det store Raudalsvatnet og Breheimen nasjonalpark - også fint å sykle!
Biltur aust eller vest
Elles er det fin dagsturavstand med bil til Lom (40 min), Galdhøpiggen, Sognefjellet eller vestover til Geiranger (50 min) og Stryn (1 t 30 min).
God tur!