Sauhytta i Breheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Ligg vakkert til ved elva Skjøle i Lundadalen i Breheimen Nasjonalpark,ca.2,5-3 t.gange frå Lundadalssætra. Aktuell for topptur til Hestbrepiggane. Fiske i elva Skjøle og Lundadalsvatnet.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
21 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
19 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Vedovn
Strøm
Nei
Toalett
Utedo
Vann
Hentast i elva like ved hytta
Kokemuligheter
3-bluss gassbrenner.
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

Med bil: Køyr Rv.15 frå Bismo mot aust og inn på fylkesveg til Lundagrende.Til venstre etter 2,1km. Lundadalsvegen (betalingsbomveg) og så vidare 6,6 km til setra.

 

Til fots frå heimste Lundadalssætre i Skjåk. Gå DNT-merka stig frå setra over Skjøli på helårsbru og opp Lundadalen. Etter 2 km på austsida krysser du elva til vestsida på heilårsbru. Følg stigen oppover dalen forbi yste Lundadalssætre til Røysflatan og vidare på nordvestsida av elva på ein tydeleg stig fram til Sauhytta. Du går heile turen i Breheimen nasjonalpark.

Lengde 9,0 km
Tidsbruk 2,5-3,5 time 
Starthøgde 770 moh
Sauhytta 1141 moh 
Høgdeforskjell 371 m 

 

VIKTIG 

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  Ta
derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og
ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur
sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna. 

M711-serien 1518-I og 1518-IV UTN 32 Euref 89: Nord 6850270 Aust 453273

Meir kart og info

http://www.ut.no/hytte/3.1955/

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Fin familietur då det er fin stig og ikkje altfor mykje stigning innover. Passar også som mellomstasjon til DNT hytta Trulsbu for å gjere etappane til Nørdstedalster meir familievenlege.

Fine fiskeplassar med bra fisk fleire stader i elva Skjøle når denne ikkje er flaumstor. Vidare ca 3 km innover kjem ein til Lundadalsvatnet. Bra fiske i osen på Lundadalsvatnet, og ny bru oppsett hausten 2016 gjer det enkelt å fiske frå begge sider av elva ved osen.

Elles er hytta eit godt utgangspunkt for turar både sommar og vinter, til mellom anna den høgste toppen i Skjåk; høgste Hestbrepiggen på 2172 moh. Her er det fleire 2000-topper i Hestbrepiggane som kan nåast på ein dag!

Lundadalen og områda rundt er også aktuell for rypejakt.

 

Fleire av hyttene vi har i fjellet står opne for reinsjegarane frå 20. august.  

 

Innanbygds får refundert kr 150,- ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning eller kome innom kontoret.

Utover dette blir ikkje noko refundert dersom du ombestemmer deg.
 
Om Skjåk Almenning
Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.
 
Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.
Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.
Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.
 
Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark.  Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.
Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen.
 
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

 

Kartref.M711-serien kartblad 1518-I og 1518-V

Koordinator: UTM 32 Euref 89: Nord 6850270 Øst 453273

Meir kart/info:http://www.ut.no/hytte/3.1955/

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo, måndag-fredag kl. 8.00-15.30. Eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring tlf.612 14024.

Turtips

Flott utgangspunkt for toppturar til fleire av Hestbrepiggane, samt fleire 2000 meterstoppar sør for Lundadalen. Sauhytta passar også som mellomstasjon til Trulsbu for å gjere dagsetappane kortare over til Nørdstedalseter. Ny bru ved osen på Lundadalsvatnet hausten 2016 gjer det flott å fiske på begge sider av elva ved osen.

Toppturartikkel Hestebrepiggane;

https://peakbook.org/tour/83825/Hestbreapiggene.html

Andre aktuelle tilbud