Liabu ved Breheimen Nasjonal Park, Skjåk Almenning

Liabu ligg ved Liavatnet, ca 2 km frå DNT hytta Sota Sæter. Området byr på mykje spennande turterreng sommar og vinter. Flott utgangspunkt for toppturar, jakt og fiske i Breheimen.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
3 personer
Antall soverom
1
Areal
15 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Liabu;

Ta av Riksveg 15 ved Dønfoss, og fylg skilting mot Sota Sæter i 26,8 km. Hytta ligg på høgre sida av vegen, parkeringsplass like utanfor hytta. Det er sett opp skilt med "Liabu - Skjåk Almenning". Sota Sæter ligg 2,2 km lenger innover.

Betalingsbomveg frå Bråtå mot Sota Sæter.

Vinterbrøyta veg så ein kjem heilt fram til hytta også på vinteren.

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

UTM 32 Euref 89: Nord 6855297 Aust 433141.

Video

Om oss

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Om hytta;

Liabu er berre 15 kvm stor, og passar derfor best for 2-3 personar. Det er køyeseng + ei ekstra madrass i hytta. Det er innlagt strøm i hytta og elles det ein treng av kjøkenutstyr ect. for gode dagar i skog og fjell. Hytta ligg i eit glissent hyttefelt like ved vegen til Sota Sæter, inngangsporten til Breheimen Nasjonalpark.Det er vinterbrøytt veg fram til hytta. Sjå meir informasjon om hytta her. 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Fiske

Ein kan leige båt og garn for å fiske i Liavatnet (kontakt oss for meir informasjon). Elles er det mange fiskemoglegheiter i dagsturavstand frå hytta, både vatn og elv. Sottjønnen, Syrtbyttdalen, Mysubyttdalen og området Sekken - Søverdalen for å nemne nokre alternativ.

Småviltjakt

Hytta er også aktuell i forbindelse med småviltjakt etter hare, rype og smårovvilt. Sjå eige tilbod på kort.

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring tlf. 612 14024.

Turtips

 

Hytta ligg i eit glissent hyttefelt like ved vegen til Sota Sæter, inngangsporten til Breheimen nasjonalpark. Det er ei lun skogli der hytta ligg - men høgfjellet er ikkje langt unna, og det er perfekt dersom været er litt vekslande. Du kjem uansett til å finne turmoglegheiter som passar etter både vær, føre og form med Liabu som utgangspunkt!

 

Tur

Det er fleire mil med merka turstigar i området, bratte turar til Sekken eller opp Kleivberget – eller slakare terreng til Mysubytta eller Puttberget. I tillegg har ein stignettet til DNT med turar både til Nørdstedalseter, Slæom og Sprongdalshytta. Det er også fint å sykle etter setervegen inn til Mysubytta. Du kan leige både sykkel og kano på DNT hytta Sota Sæter

På Sota Sæter er det også anledning til å kjøpe seg middag. 

Om vinteren finn du over 20 km med oppkøyrde skiløyper, og om du vil på topptur, er Tverrådalskyrkja (2089 moh) eit naturleg høgdepunkt både sommar og vinter!

Les meir om turmoglegheiter på ut.no og outdooractive.com

 

Turtips og ruteskildringar finn du på desse lenkene;

http://www.lommekjent.no (søk på Skjåk)

https://ut.no/utforsker?q=skj%C3%A5k

https://www.outdooractive.com/no/list/turar-i-skjak/209958831/

 

Andre aktuelle tilbud