Grønnstorrbu i Breheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Grønstorrbu ligg i Tundradalen, 1120 moh i Breheimen NP. Ca 2-3 t lett gåtur frå bilveg (sommar). Eit av våre beste område for fjellfiske, gode høve for toppturar. NB! Les info om nøkkelhenting!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
8,3 km (sommer)
18 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

 

Grønstorrbu i Tundradalen i Breheimen Nasjonalpark.

Grønstorrbua er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 6 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.

Sommar.

Ein tur som passar for dei fleste, då det er lett å gå og liten stigning.  Umerka men tydeleg stig på nordsida av elva.

Tundradalen er eit av dei beste områda våre for fjellfiske. Elva har sitt utspring frå fleire isbrear innover, Gjelåbrean, og elva vert ikkje klar før ein kjem innafor Ytre Gjelåe. Aure er einaste fiskeart i elva. Det er ein del småfisk innover, men det fins også aure på halvkiloen. Forbi Grønstorrbue og vidare innover mot Tundradalsbotnen er det mogleg å få fisk på kiloen. Det er mogleg å fiske med all slags reisskap, også fluge. Det er også sett ut fisk i alle vatna på nordsida av Tundradalen.

Er du ikkje glad i å fiske, er det likevel eit fint område for korte og lengre fotturar - og kanskje får du sjå villreinen i Breheimen? 

Vinter

Grønstorrbu er eit godt utgangspunkt for toppturar, særleg vinterstid. På vinterstid er det ikkje setervegen innover Tundradalen brøytt, så ein må gå 18 km på ski før ein kjem inn til hytta. Vi nemner mellom anna Hestdalshøgde (2091 moh), Gjelhøe (1982 moh), Ytre Gjelhøe (1943 moh), Austre Holåtinden 2043 moh, Midtre Holåtinden (2047 moh) og  Vestre Holåtinden (2039 moh) som dei mest aktuelle.

Alternativ rute er frå Sota Sæter (meir stigning, men ikkje fullt så langt).

 

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Grønstorrbue sommar;

Ta av Rv.15 aust for Coop Bruvoll ved Dønfoss - skilt mot Tundradalen. Betalingsbom. Køyr 9,3 km til Tundradalssætra og parker her.

Gå brua over elva Tundre. Umerka,men tydeleg stig innover dalen på nordsida av elva fram til hytta.

Lengde 8,3 km

Stigning: 216 høgdemeter.

Tidsbruk ca 2-3 timar.

Grønstorrbue vinter;

Om vinteren er det ikkje brøyta lengre innover enn til Heggerusten/Krossen og ein må gå på ski frå her. Fyrst etter ubrøyta bilveg, deretter i terrenget fram til hytta. 

Lengde; 18 km

Stigning; 660 høgdemeter

Tidsbruk avhengig av føre.

Alternativ rute frå Sota Sæter. Ca 10 km og 750 høgdemeter stigning. Spør oss gjerne om føre og tips før du reiser innover på vinterstid.

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien 1518IV Pollfoss UTM32 Euref89:Nord 6852979 Aust 441057

Turtips

Området er fantastisk for stongfiske, både i elva og ulike tjern i nærleiken av hytta. Prøv ut Tundra (elva), Grønstorrtjønn, Storgrovtjønnen, Storsteintjønn og Skauttjønnen. 

Sjå denne sida for andre turtips: 

https://outtt.com/regions/15/skjk

La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den

Det er mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen, sjå også tilboda nedanfor. Mange tek dette som ein rundtur over til Sota med ny overnatting i Sotjønnbua. 

Andre aktuelle tilbud