Sottjønnbu i Breheimen nasjonalpark, Skjåk Almenning

Ligg på Sotflye 1475 moh, ca 2,5-3,5 t gange frå Sota Sæter. Fantastisk utsikt! Fisk i vatna ved hytta, båt- og garnutleige. Fin base for å ta toppturar både sommar og vinter.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
4 personer
Antall soverom
1
Areal
21 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
5 km (sommer)
5 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Vedovn
Strøm
Stearinljos
Toalett
Utedo
Vann
Hentast i bekk/oppkome ca.100 m frå hytta
Kokemuligheter
3-bluss gassbrenner.
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler, kokeutstyr og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

Til Sottjønnbu:

Ta av Rv.15 i Dønfoss, og fylg skilting 29 km til Sota Sæter. Betalingsbomveg. 

Frå Sota Sæter: fylg DNT-stig opp lia til venstre mot Nørstedalssæter. Gå opp til høgdekote 1300 moh og ta av i terrenget mot Søre Sothogget. Gå mellom Sottjønnen (det går greit å krysse bekken) og fram til Sottjønnbu. Du går heile turen i Breheimen nasjonalpark.

 

Lengde: 5,1 km

Stigning: 733 høgdemeter. 

Tidsbruk: ca 2,5 - 3,5 t

 

VIKTIG:

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær. Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

 Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien 1518IV Pollfoss og 1418 I Skridulaupen.UTM 32 Euref 89:Nord 6850996 Aust 435347

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Sottjønnbu ligg i Breheimen Nasjonalpark 1475 moh, med fantastisk utsikt over store isbrear, Tverrådalskyrkja og Tundradalskyrkja i sør, og mot vest ser du Lodalskåpa.

Blant dei hyttene våre som er best utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Tverrådalskyrkja (2088 moh), Tundradalskyrkja (1970 moh), Vestre Holåtinden (2039 moh), Midtre Holåtinden (2047 moh), Austre Holåtinden (2043 moh), Ytre Gjelhøi (1943 moh). 

Om du ikkje er glad i toppturar har du likevel flott utsikt frå hytteveggen, og hytta er eit fint turmål i seg sjølv til alle årstider.

Fisk i Sottjønnen, båt og fiskegarn til utlån. Elles er det fin fisk i Tundradalstjønnen. 

 

Turen til Sottjønnbu er litt over 5 km lang og med 733 høgdemeter stigning - likevel ein grei tur for dei fleste, då det er lite ur og stein og store delar av turen går etter merka DNT stig.


Fleire av hyttene vi har i fjellet står opne for reinsjegarane f.o.m.20.august t.o.m.10.september. Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad. 

Innanbygds får refundert kr 150,- ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning eller kome innom kontoret. Utover dette blir ikkje noko refundert dersom du ombestemmer deg.

 

Om Skjåk Almenning

Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

 

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.

Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.

 

Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark.  Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.

Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen. 

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

Kartref.M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I

UTM 32 Euref 89:Nord 6850996 Aust 435347

Meir kart/info: eller http://www.ut.no/tur/2.7033/

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestilling blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i opningstida vår måndag-fredag kl. 8.00-15.30. Eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting, tlf. 612 13900.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår, helst før kl.21.00.

Ved forsinking, ring tlf. 612 14024.

Turtips

Sottjønnbue er eit godt utgangspunkt for toppturar. Tverrådalskyrkja (2088 moh), Tundradalskyrkja (1970 moh), Vestre Holåtinden (2039 moh), Midtre Holåtinden (2047 moh), Austre Holåtinden (2043 moh), Ytre Gjelhøi (1943 moh). 

Om du ikkje er glad i toppturar har du likevel fantastisk utsikt frå hytteveggen, og hytta er eit fint turmål i seg sjølv!

Fisk i Sottjønnen, båt og fiskegarn til utlån. Elles fin fisk i Tundradalstjønnen. 

 

Det er mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen, sjå også tilboda nedanfor. 

Andre aktuelle tilbud