Sottjønnbu i Breheimen nasjonalpark, Skjåk Almenning

Hytta ligg 1475 moh., ca 2,5-3 t gange frå Sota. Fantastisk utsikt! Båt- og garnutleige. Base for toppturar både sommar og vinter til Holåtinder og Tverrådalskyrkja. NB! LES INFO OM NØKKELHENTING!

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
1
Areal
21 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
5 km (sommer)
5 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning

61213900

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med nær 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Sottjønnbu er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her. Hytta ligg i Breheimen Nasjonalpark 1475 moh, med fantastisk utsikt over store isbrear, Tverrådalskyrkja og Tundradalskyrkja i sør, og mot vest ser du Lodalskåpa. Vi vågar oss til å seie at utsikta frå utedoen her går inn på topp 10-lista i Noreg!

Hytta er blant dei hyttene våre som har best utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Tverrådalskyrkja (2088 moh), Tundradalskyrkja (1970 moh), Vestre Holåtinden (2039 moh), Midtre Holåtinden (2047 moh), Austre Holåtinden (2043 moh), Ytre Gjelhøi (1943 moh). 

Om du ikkje er glad i toppturar har du likevel flott utsikt frå hytteveggen, og hytta er eit fint turmål i seg sjølv til alle årstider.

Det er fin fisk i Sottjønnen der du har moglegheit til å bruke båt og fiskegarn. For stangfiske er det betre å gå austover mot Storgrovtjønnen, Skauttjønnen og Grønstorrtjønn. Det er også ein veldig fin rundtur å gå om Tundradalen med ei overnatting i Grønstorrbu. I elva Tundra kan du oppleve artig stangfiske. 

Turen til Sottjønnbu er litt over 5 km lang og med 733 høgdemeter stigning - likevel ein grei tur for dei fleste, då det er lite ur og stein og store delar av turen går etter merka DNT stig.

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år. 

Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad. 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

 

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Sottjønnbu:

Ta av Rv.15 i Dønfoss, og fylg skilting 29 km til Sota Sæter. Betalingsbomveg. 

Frå Sota Sæter: fylg DNT-stig opp lia til venstre mot Nørstedalssæter. Gå opp til høgdekote 1300 moh og ta av i terrenget mot Søre Sothogget. Gå mellom Sottjønnen (det går greit å krysse bekken) og fram til Sottjønnbu. Du går heile turen i Breheimen nasjonalpark.

Lengde: 5,1 km

Stigning: 733 høgdemeter. 

Tidsbruk: ca 2,5 - 3,5 t

VIKTIG:

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær. Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien 1518IV Pollfoss og 1418 I Skridulaupen.UTM 32 Euref 89:Nord 6850996 Aust 435347

 

Turtips

Sottjønnbue er eit godt utgangspunkt for toppturar. Tverrådalskyrkja (2088 moh), Tundradalskyrkja (1970 moh), Vestre Holåtinden (2039 moh), Midtre Holåtinden (2047 moh), Austre Holåtinden (2043 moh), Ytre Gjelhøi (1943 moh). 

Om du ikkje er glad i toppturar har du likevel fantastisk utsikt frå hytteveggen, og hytta er eit fint turmål i seg sjølv!

Fisk i Sottjønnen, båt og fiskegarn til utlån. Elles fin fisk i Tundradalstjønnen. 

Sjå denne sida for andre turtips: 

https://www.outdooractive.com/no/list/turar-i-skjak/209958831/

 

Det er mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen, sjå også tilboda nedanfor. 

Andre aktuelle tilbud