Raudalsbue, like ved Breheimen Nasjonal Park, Skjåk Almenning

Hytta ligg svært usjenert til i vestre enden av Raudalsvatnet, like inntil Breheimen Nasjonalpark. Godt utgangspunkt for fiske, rypejakt og turar innover i Breheimen. NB! Les info om nøkkelhenting!

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
1
Areal
21 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
12 km

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Raudalsbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her. Raudalsbu er eit fint utgangspunkt om du er interessert i jakt og fiske. Det er fisk i Raudalsvatnet. Elva vest for Raudalsvatnet tilbyr bra sportsfiske, inkludert fluefiske. Fisken er ikkje av dei største, men vanleg storleik ligg på 250-300 g. Raudalsbue er eit fint utgangspunkt for rypejakt, og om du bruker båt kan du nå eit større område. Området kan vere utsett for snøskred, og ein anbefalar derfor ikkje området for uerfarne vinterstid.

Det er mogleg å leige båt dersom du vil innover, men dette anbefalast berre for folk som er vante med båt, og når ein er fleire i fylgje. 


Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

 

Alternative sommerruter til Raudalsbu:

1. Bruk båt med motor langs Raudalsvatnet. Du kan leige båt hjå Skjåk Almenning. Båten ligg ved Raudalsvatnet i den søraustre enden. Vatnet er regulert, så det kan være vanskelig å få båten på vatnet. Dykk bør vera to stk. for å handtere båten. Raudalsvatnet er værutsett, så du bør ha litt erfaring med båter og båtmotorer for å velje dette alternativet. Kontakt oss for meir informasjon om leige av båt.

2. Parker ved Framruste seter i Framrustdalen (sjå vegbeskrivelse lenger opp) og gå merka stig innafor Rauberget og langs nordsida av Raudalsvatnet innover til enden.3. Følg DNT-stigen frå Grotli til Skridulaupbu (22km). Raudalsbu ligger tett ved Skridulaupbu. Dette er ein krevande tur, med stor høgdeforskjell.

4. Om du ikkje ynskjer å gå langs med vatnet, er eit alternativ å gå frå Mysubytta, via Slæom og ned til Raudalen (21 km merka DNT-stig heile vegen). Dette er også ein krevjande tur med mange høgdemeter opp og ned.

5. Eit femte alternativ er å gå langs med den gamle veigen/stigen mellom aust og vest. Da startar du ved Sunndalssetra i Oppstryn(ta av frå Rv. ved Folven i Oppstryn) og kryss Kamperhamrane over til Raudalen. Sjå meir om denne ruta her; http://www.ut.no/artikkel/1.12382040/

 

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

 

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Køyr av Rv.15 ved Pollfoss, og fylg skilting mot Framruste. Etter 3 km kjører du over elva Framruste. Da ser du inngangen til Framruste kraftverk rett framfor deg. Etter nye 3 km tek du av vegen til høgre og du kjem du fram til brua over til Framrustsetra. Parker ved brua. Deretter fylgjer ein merka stig mot Raudberget. Stigen fortset ned til, og langsetter Raudalsvatnet fram til hytta som ligg på ein liten odde i vestre enden av vatnet.

Det er delvis dårleg stig utover, og ein brukar derfor lengre tid enn normalt på denne strekninga. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon. 

Lengde: 12 km.

Tidsbruk: 5-7  t gange frå bilveg ved Framruste.

Alternativt kan ein leige båt frå naustet vårt, 10 minutt frå Raudberget på sørsida av vatnet. 

VIKTIG  

Dei fleste av hyttene våre
ligg i høgfjellet utanfor merka ruter.

Særleg vinterstid kan turen bli
krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller
dårleg vær.  Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både
sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i
høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på
www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien kartblad 1418 I Skridulaupen og 1518 IV Pollfoss. UTM 32 Euref 89: Nord 6864176   Øst 427107 

Turtips

Raudalen vidare innover mot Yste Leirvatnet er eit vakkert og lite brukt område i Breheimen Nasjonalapark.

For meir info om turar i Skjåk:

 

https://www.outdooractive.com/no/list/turar-i-skjak/209958831/

 

http://www.ut.no/hytte/3.1954/

Andre aktuelle tilbud