Raudalsbue, like ved Breheimen Nasjonal Park, Skjåk Almenning
Hytta ligg svært usjenert til i vestre enden av Raudalsvatnet, like inntil Breheimen Nasjonalpark. Godt utgangspunkt for fiske, rypejakt og turar innover i Breheimen. NB! Les info om nøkkelhenting!
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 4 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 21 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
- 12 km
- Adresse
- Industrivegen 10
- Poststed
- 2690 Skjåk
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
61 21 39 00
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.
Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart har området også blitt kjent for gode moglegheiter for fjellfiske. Det finst totalt 17 utleigehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.).
Skjåk Almenning er også eit sentralt punkt mellom aust- og vestland, der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Store delar av området er verna gjennom Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. Landskapet ber preg av urørt natur og viktige verneverdiar.
Skjåk Almenning har administrasjonsbygg i Bismo, der seks tilsette har kontorstad, i tillegg til tilsette frå Statens naturoppsyn, Mjøsen Skog, Dokkadeltaet, Skjåk idrettslag, DNT Gudbrandsdalen og Breheimen nasjonalparkstyre.
Kontaktinformasjon til dei enkelte finn du på heimesida vår, eller ta gjerne ein tur innom oss.
Opningstid for ekspedisjonen er måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00–14.00. Bedriftstelefonen er betent kvar dag kl. 08.00–15.30. Telefon: 61 21 39 00. E-post: firmapost@skjak-almenning.no
Om hytta
Raudalsbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her. Raudalsbu er eit fint utgangspunkt om du er interessert i jakt og fiske. Det er fisk i Raudalsvatnet. Elva vest for Raudalsvatnet tilbyr bra sportsfiske, inkludert fluefiske. Fisken er ikkje av dei største, men vanleg storleik ligg på 250-300 g. Raudalsbue er eit fint utgangspunkt for rypejakt, og om du bruker båt kan du nå eit større område. Området kan vere utsett for snøskred, og ein anbefalar derfor ikkje området for uerfarne vinterstid.
Det er mogleg å leige båt dersom du vil innover, men dette anbefalast berre for folk som er vante med båt, og når ein er fleire i fylgje.
Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.
Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.
Alternative sommerruter til Raudalsbu:
1. Bruk båt med motor langs Raudalsvatnet. Du kan leige båt hjå Skjåk Almenning. Båten ligg ved Raudalsvatnet i den søraustre enden. Vatnet er regulert, så det kan være vanskelig å få båten på vatnet. Dykk bør vera to stk. for å handtere båten. Raudalsvatnet er værutsett, så du bør ha litt erfaring med båter og båtmotorer for å velje dette alternativet. Kontakt oss for meir informasjon om leige av båt.
2. Parker ved Framruste seter i Framrustdalen (sjå vegbeskrivelse lenger opp) og gå merka stig innafor Rauberget og langs nordsida av Raudalsvatnet innover til enden.3. Følg DNT-stigen frå Grotli til Skridulaupbu (22km). Raudalsbu ligger tett ved Skridulaupbu. Dette er ein krevande tur, med stor høgdeforskjell.
4. Om du ikkje ynskjer å gå langs med vatnet, er eit alternativ å gå frå Mysubytta, via Slæom og ned til Raudalen (21 km merka DNT-stig heile vegen). Dette er også ein krevjande tur med mange høgdemeter opp og ned.
5. Eit femte alternativ er å gå langs med den gamle veigen/stigen mellom aust og vest. Da startar du ved Sunndalssetra i Oppstryn(ta av frå Rv. ved Folven i Oppstryn) og kryss Kamperhamrane over til Raudalen. Sjå meir om denne ruta her; http://www.ut.no/artikkel/1.12382040/
Hytte-/Avbestillingsregler
No refund if you change your mind, but contact us if you want to change the date or cabin, and we’ll try to help.
Hytta skal reingjerast etter opphald. Vask kjøkkenutstyr, koketopp, benker, bord og golv. Mangelfull reingjering medfører eit gebyr på kr 2 500.
Nøkkelhenting
Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i opningstida måndag, tirsdag og torsdag kl. 09.00–14.00, eller kontakt oss (tlf. 61 21 39 00) for avtale om annan henting. Hugs kvittering.
Ved booking på kort varsel utanom ordinær opningstid er Messenger føretrekt løysing for å nå oss raskt i samband med nøkkellevering.
Dersom ein nøkkel blir mist, må både nøkkel og tilhøyrande lås bytast. Den som har mist nøkkelen er ansvarleg for kostnadene. Det påløper eit gebyr på kr 5 000 for å dekke utskifting av lås og ny nøkkel.
Veibeskrivelse
NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida.
Køyr av Rv.15 ved Pollfoss, og fylg skilting mot Framruste. Etter 3 km kjører du over elva Framruste. Da ser du inngangen til Framruste kraftverk rett framfor deg. Etter nye 3 km tek du av vegen til høgre og du kjem du fram til brua over til Framrustsetra. Parker ved brua. Deretter fylgjer ein merka stig mot Raudberget. Stigen fortset ned til, og langsetter Raudalsvatnet fram til hytta som ligg på ein liten odde i vestre enden av vatnet.
Det er delvis dårleg stig utover, og ein brukar derfor lengre tid enn normalt på denne strekninga. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.
Lengde: 12 km.
Tidsbruk: 5-7 t gange frå bilveg ved Framruste.
Alternativt kan ein leige båt frå naustet vårt, 10 minutt frå Raudberget på sørsida av vatnet.
VIKTIG
Dei fleste av hyttene våre
ligg i høgfjellet utanfor merka ruter.
Særleg vinterstid kan turen bli
krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller
dårleg vær. Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både
sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i
høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.
M711-serien kartblad 1418 I Skridulaupen og 1518 IV Pollfoss. UTM 32 Euref 89: Nord 6864176 Øst 427107
Turtips
Raudalen vidare innover mot Yste Leirvatnet er eit vakkert og lite brukt område i Breheimen Nasjonalapark.
For meir info om turar i Skjåk:
https://www.outdooractive.com/no/list/turar-i-skjak/209958831/