Glitterbue i Breheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning
Hytta ligg ved Glittervatnet i Breheimen Nasjonalpark ca.1-1,5 t.gange frå bilveg. Familievenleg område, flott utsikt. Båt og fiskegarn til leie. NB! Les info om nøkkelhenting!
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 4 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 24 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
3 km (sommer)
8 km (vinter)
Beliggenhet
Kontakt utleier
61213900
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.
Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart har området også blitt kjent for gode moglegheiter for fjellfiske. Det finst totalt 17 utleigehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.).
Skjåk Almenning er også eit sentralt punkt mellom aust- og vestland, der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Store delar av området er verna gjennom Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. Landskapet ber preg av urørt natur og viktige verneverdiar.
Skjåk Almenning har administrasjonsbygg i Bismo, der seks tilsette har kontorstad, i tillegg til tilsette frå Statens naturoppsyn, Mjøsen Skog, Dokkadeltaet, Skjåk idrettslag, DNT Gudbrandsdalen og Breheimen nasjonalparkstyre.
Kontaktinformasjon til dei enkelte finn du på heimesida vår, eller ta gjerne ein tur innom oss.
Opningstid for ekspedisjonen er måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00–14.00. Bedriftstelefonen er betent kvar dag kl. 08.00–15.30. Telefon: 61 21 39 00. E-post: firmapost@skjak-almenning.no
Om hytta
Glitterbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her: https://www.skjak-almenning.no/hytteutleie/glitterbue
Glitterbue ligg på kanten ut mot Billingsdalen, og gjev fantastisk utsikt over Reinheimen i nord og aust, Breheimen i sør, og fjellet Skridulaupen i vest.
Det er merka stig nesten heile turen fram til bua. Ein del stigning, men ein forholdsvis enkel tur etter bra stig. Ved Glittervatnet har vi naust og båt med garn til utleige. Elles er det fint å fiske i Blankåtjønnen.
Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år. Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad.
Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.
Anbefalte lenker
Hytte-/Avbestillingsregler
No refund if you change your mind, but contact us if you want to change the date or cabin, and we’ll try to help.
Hytta skal reingjerast etter opphald. Vask kjøkkenutstyr, koketopp, benker, bord og golv. Mangelfull reingjering medfører eit gebyr på kr 2 500.
Nøkkelhenting
Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i opningstida måndag, tirsdag og torsdag kl. 09.00–14.00, eller kontakt oss (tlf. 61 21 39 00) for avtale om annan henting. Hugs kvittering.
Ved booking på kort varsel utanom ordinær opningstid er Messenger føretrekt løysing for å nå oss raskt i samband med nøkkellevering.
Dersom ein nøkkel blir mist, må både nøkkel og tilhøyrande lås bytast. Den som har mist nøkkelen er ansvarleg for kostnadene. Det påløper eit gebyr på kr 5 000 for å dekke utskifting av lås og ny nøkkel.
Veibeskrivelse
NB! Nøkkelhenting – sjå informasjon nedst på denne sida.
Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følgjer ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved riksveg 15, 18 km vest for Lom.
Glitterbue
Køyr av Rv. 15 aust for Pollfoss gjestehus mot Framruste. Ta til høgre etter 650 m mot Botn sæter. Merka stig frå sætra på nordsida av elva Glitra heilt fram til hytta.
Lengde: 3,5 km sommar og 8 km vinter
Stigning: 461 høgdemeter
Tidsbruk: 1–2 timar (sommar)
VIKTIG
Dei fleste hyttene ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt ved mykje laussnø eller dårleg vêr. Ta alltid med gode kart og kompass/GPS både sommar og vinter, og ver førebudd på skiftande føre og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur, sjekk skredfaren her.
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile området, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.
M711-serien 1518 IV Pollfoss UTM 32 Euref 89: Nord 6870173 Aust 436148.
Meir kart og informasjon finn du via lenke under.
https://www.ut.no/hytte/3.1950/Turtips
Flott tur til Skridulaupen på vårskitur i april og mai. Fine fiskemoglegheiter i Glittervatnet og Blankåhaugane. Turen til Glitterbue passar bra for barnefamiliar.
Det er også mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen nasjonalpark.
For meir informasjon om turar i Skjåk, sjå lenke under.