Glitterbue i Breheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Hytta ligg ved Glittervatnet i Breheimen Nasjonalpark ca.1-1,5 t.gange frå bilveg. Familievenleg område, flott utsikt. Båt og fiskegarn til leie. NB! Les info om nøkkelhenting!

Størrelse og ankomst

Senger til
4 personer
Antall soverom
1
Areal
24 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
3 km (sommer)
8 km (vinter)

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Glitterbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her. Vi har planar om å sette opp ei ny bu til erstatning for den gamle så snart vi får tid til å prioritere dette. Den gamle bua er uisolert og ikkje mustett. 

Glitterbue ligg på kanten ut mot Billingsdalen, og gjev fantastisk utsikt over Reinheimen i nord og aust, Breheimen i sør, og fjellet Skridulaupen i vest.

Det er merka stig heile turen fram til bua. Ein del stigning, men ein forholdsvis enkel tur etter bra stig. Ved Glittervatnet har vi naust og båt med garn til utleige. Elles er det fint å fiske i Blankåtjønnen.

Glitterbu er som nemnt ikkje isolert, og høver derfor ikkje til bruk på den kaldaste årstida. Hytta er eit fint utgangspunkt for vårskiturar til Skridulaupen.

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år. Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad.

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

 

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Glitterbue 

Køyr av Rv.15 aust for Pollfoss Gjestehus mot Framruste. Til høgre etter 650 m mot Botn sæter. Merka stig frå sætra på nordsida av elva Glitra heilt fram til hytta.

Lengde: 3,5 km sommar og 8 km vinter.

Stigning: 461 høgdemeter.

Tidsbruk: 1-2 timar (sommar)

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien 1518 IVPollfoss UTM 32 Euref 89:Nord 6870173 Aust 436148

Meir kart/info: https://www.ut.no/hytte/3.1950/

Turtips

Flott tur til Skridulaupen på vårskitur i april og mai. Fine fiskemoglegheiter i Glittervatnet og Blankåhaugane. Turen til Glitterbue passar bra for barnefamiliar.

Elles er det mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen Nasjonalpark, sjå også tilboda under.

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

Andre aktuelle tilbud