Storhøbu i Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning
Hytta ligg 1400 moh. i Reinheimen NP med flott utsikt mot Breheimen. Lett tur på ca 3 t frå austre enden av Aursjoen om sommaren. Fint område for fjellskiturar! NB! LES INFO OM NØKKELHENTING!
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 5 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 20 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
10 km (sommer)
22 km (vinter)
- Adresse
- Industrivegen 10
- Poststed
- 2690 Skjåk
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
61 21 39 00
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Om hytta
Storhøbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.Turen til Storhøbu frå Aursjoen går i lett terreng, og med berre 300 meter stigning. Turen passar derfor bra for barnefamiliar. Lette toppturar i nærområdet, Trihøene (1728 moh, Horrungen (1832) og Skardtind (1883 moh). Gunstig utgangspunkt for stongfiske! Særleg for den som er på jakt etter storauren.
Vinterstid er det fint å gå frå hytte til hytte i Reinheimen, og bruke Storhøbu som mellomstasjon. Det er mogleg å gå frå Kvitberghytta i vest, via Grønvassbu, Tverråhytta, Storvassbu, Skarvedalshytta, Sveinbu og vidare til Storhøbu i aust.
Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.
Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.
Anbefalte lenker
Hytte-/Avbestillingsregler
Vask av hytta
Leietaker vaskar hytta sjølv.
Avbestilling
Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.
Husdyr
Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.
Nøkkelhenting
Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.
Veibeskrivelse
NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida.
Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.
Fylg fylkesveg 485 mot Jøingsli. Skilta mot Aursjoen frå Riksveg 15. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Køyr 5,5 km til dammen i austre enden av Aursjoen.
Umerka,men tydeleg stig nordaust 4,8km, så til venstre i stigdelet ved Styggeværskvila. Fortsett ca 3,5 km etter stigen, og deretter det om lag 550 meter austover i terrenget fram til hytta. I finvær ser ein hytta på god avstand.
Vinterstid er ikkje Aursjovegen brøyta, men ofte er det skuterløype opp til Aursjoen.
VIKTIG
Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær. Ta
derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur - sjekk skredfaren på www.varsom.no
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.
M711-serien 1518 I Skjåk UTM 32 Euref 89:Nord 6873466 Aust 470319
Turtips
Lettgått terreng både sommar og vinter, høver fint for familieturar. Lett topptur til Storhøi (Trihøene 1728 moh) og Skardtind (1883 moh) med vid utsikt mot Lesja og Skjåkfjell. Storhøbu høver bra som mellomstasjon for dei som vil ha ein lengre tur frå hytte til hytte i Reinheimen Nasjonalpark.
Legg opp din eigen tur frå hytte til hytte gjennom nordområdet i Skjåk - Frå Kvitberg i vest til Storhøbu i aust! Meget gunstig område for stongfiske. Prøv Utletjønne, Filleutla, Enkelttjønne og vika nord-vest på Leirungsvatnet.
For meir info om turar i Skjåk: