Sveinbu ved Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Ligg 1342 moh like ved Reinheimen Nasjonalpark. Ca.10 km 3,5 -4 t. gange frå Aursjoen i lett terreng. Perfekt utgangspunkt for jakt og fisketur!

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
19 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Vedovn
Strøm
Stearinljos
Toalett
Utedo
Vann
Hentast i liten bekk ca.30 m frå hytta eller eit lite vatn 350 m søraust for hytta.
Kokemuligheter
3-bluss gassbrenner.
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

F.veg 485 mot Jøingsli. Aursjovegen tek av til høgre 5km vest for Bismo.Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen (Vikhøe). Merka stig mot nord til Aursjotjønn,vidare langs Skridugrove og mellom Løtjønn og Lortjønnen, vidare nordover i terrenget på vestsida av Lortjønnen.

Vinter: Aursjovegen er ikkje brøyta vinterstid, men det er som oftast skuterløype opp til Aursjoen frå februar/mars.

 

Lengde: 10,3 km frå Aursjoen sommar.

Ca 10 km vinterstid frå Rv 15 via Heggebottsætre. 

Stigning: 252 m sommar. 

Tidsbruk: ca 3,5-4 timar. 

 

VIKTIG:

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær. Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien 1518 I Skjåk og 1319 II Tordsvatnet. UTM 32 Euref 89:Nord 6874513 Aust 454726

 

For meir info om turar i Skjåk:

 https://outtt.com/regions/15/skjk

 

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Turen til Sveinbu passar for dei fleste då det ikkje er mykje stigning og lett høgfjellsterreng å gå i. Det er delvis merka stig fram til hytta. Ein anbefalar likevel å ta med kart og kompass/GPS. 

Sveinbu er eit flott utgangspunkt for både småviltjakt og fiske. Vi har båt til utlån ved Lortjønnen, og det er mange bra fiskevatn i dagsturavstand frå hytta. 

Fint utgangspunkt vinterstid for toppturar til Skarvedalseggen (1961 moh) og Stamåhjulet (1821 moh). 

 

Alternative ruter er å gå frå Stamsætre eller Heggebottsætre i Skjåk, eventuelt frå Lordalen i Lesja. 

 

 

Fleire av hyttene vi har i fjellet står opne for reinsjegarane f.o.m.20.august t.o.m.10.september. Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad.

 

Innanbygds får refundert kr 150,- ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning eller kome innom kontoret. Utover dette blir ikkje noko refundert dersom du ombestemmer deg.

 

Om Skjåk Almenning

Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

 

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.

Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.

 

Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark. Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.

Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen.

 

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

Kartref.M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I UTM 32 Euref 89:Nord 6866126 Aust 0459818 Meir kart/info http://www.ut.no/tur/2.7028/

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling 

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%. 

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring tlf.612 14024.

Andre aktuelle tilbud