Sveinbu ved Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Hytta ligg 1342 moh. like ved Reinheimen Nasjonalpark. Ca.10 km 3,5-4 t. gange frå Aursjoen i lett terreng. Perfekt utgangspunkt for jakt og fisketur!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
19 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Sveinbu er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.

Turen til Sveinbu passar for dei fleste då det ikkje er mykje stigning og lett høgfjellsterreng å gå i. Det er delvis merka stig fram til hytta. Ein anbefalar likevel å ta med kart og kompass/GPS. Sveinbu er eit flott utgangspunkt for både småviltjakt og fiske. Vi har båt og nokre garn til utlån ved Lortjønnen, og det er mange bra fiskevatn i dagsturavstand frå hytta. Fint utgangspunkt vinterstid for toppturar til Skarvedalseggen (1961 moh) og Stamåhjulet (1821 moh). 

Alternative ruter er å gå frå Stamsætre eller Heggebottsætre i Skjåk, eventuelt frå Lordalen i Lesja. 

 

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

 

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting.Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

F.veg 485 mot Jøingsli. Aursjovegen tek av til høgre 5km vest for Bismo.Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen (Vikhøe). Merka stig mot nord til Aursjotjønn,vidare langs Skridugrove og mellom Løtjønn og Lortjønnen, vidare nordover i terrenget på vestsida av Lortjønnen.

Vinter: Aursjovegen er ikkje brøyta vinterstid, men det er som oftast skuterløype opp til Aursjoen frå februar/mars.

Lengde: 10,3 km frå Aursjoen sommar.

Ca 10 km vinterstid frå Rv 15 via Heggebottsætre. 

Stigning: 252 m sommar. 

Tidsbruk: ca 3,5-4 timar. 

VIKTIG:

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær. Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Turtips

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M711-serien 1518 I Skjåk og 1319 II Tordsvatnet. UTM 32 Euref 89:Nord 6874513 Aust 454726

 

For meir info om turar i Skjåk:

 https://outtt.com/regions/15/skjk

Andre aktuelle tilbud