Legerhytta i Breidalen - Skjåk Almenning

Legerhytta ligg 930 moh like ved RV. 15, langs fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn. Fin familiehytte med to soverom. 30 min køyring frå Geiranger og 50 min frå Stryn. NB! Les info om nøkkelhenting!

Størrelse og ankomst

Senger til
8 personer
Antall soverom
2
Areal
40 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 13:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
0,2 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning

61213900

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Det er bilveg heilt fram til hytta om sommaren. Om vinteren er det ca 200 meter å gå frå Riksveg 15. Forholdsvis enkel hytte på 40 kvadratmeter som tilbyr det ein treng for eit godt opphald i fjellheimen. Innlagt straum, tilgang til kokeplater, kjøleskap og utedo i anekset. Legerhytta fekk nyslipt golv og delvis nye møblar i 2014. To soverom med plass til 8 personar totalt i tillegg til ein hems. Elles skal du bli møtt av ei hytte med godt vedlikehald som dekkjer alt av nødvendige behov. Les meir om hytta her.

Fleire fiske og turmoglegheiter med Legerhytta som utgangspunkt. Skjåk Almenning har båt til utlån ved Legervatna. Elles kan ein velje seg destinasjonar som Istjønne, Søre Kuptjønne og vatna i Hamsedalen. Flott område for skiturar på ettervinter og vår med utgangspunkt frå Legerhytta. 

I Breidalen og området rundt er det mange merka turstigar, få med deg hefte "på tur i Skjåk" og "kulturminnetur i Skjåk" med kart og turskildringar. 

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

 

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Legerhytta;

Frå aust; Køyr Rv15 10,1 km forbi Grotli, ta grusvegen til høyre og køyr 200 m opp på gamle Geirangervegen. Køyr gamle Geirangervegen 500 m til venstre og parker ved Legerhytta.

Frå vest; Køyr ca 3,1 km forbi krysset mellom Stryn (Rv 15) og Geiranger (Fv 63) vidare på Rv 15 og ta til venstre opp på gamle Geirangervegen.

Om vinteren blir det brøytt parkering ved rv.15, ta kontakt med oss i forkant. Elles parkering lenger vest, da blir det lengre å gå.

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

Turtips

Fine turmoglegheiter rett utanfor hytta både sommar og vinter, Breidalseggi (1630 moh) og Langvasseggi (1651 moh) er fine turmål. Det er ikkje merka turstig til desse turmåla, her må du finne fram på eige hand.

 

Ynskjer du å gå på merka turstigar finn du fleire forslag i lenka under;

 

https://www.outdooractive.com/no/route/fottur/skjak/kjerringelva/56007118/

 

Elles fiskemoglegheiter i Legervatna, Langvatnet og fleire mindre tjønner. skjåk Almenning har båt til utlån på Legervatnet, ta kontakt med oss for meir informasjon.

 

Kort avstand til kjente turistdestinasjonar som Grotli Hotell (10 min), Gamle Strynfjellsvegen (10 min), Stryn Sommarskisenter (30 min) (Dalsnibba (10 min), Geiranger 30 min og Stryn (45 min). 

Andre aktuelle tilbud