Legerhytta i Breidalen - Skjåk Almenning
Legerhytta ligg 930 moh like ved RV. 15, langs fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn. Fin familiehytte med to soverom. 30 min køyring frå Geiranger og 50 min frå Stryn. NB! Les info om nøkkelhenting!
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 8 personer
- Antall soverom
- 2
- Areal
- 40 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 13:00
- Avstand fra vei
-
0 km (sommer)
0,2 km (vinter)
- Adresse
- Industrivegen 10
- Poststed
- 2690 Skjåk
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
61 21 39 00
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.
Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart har området også blitt kjent for gode moglegheiter for fjellfiske. Det finst totalt 17 utleigehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.).
Skjåk Almenning er også eit sentralt punkt mellom aust- og vestland, der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Store delar av området er verna gjennom Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar. Landskapet ber preg av urørt natur og viktige verneverdiar.
Skjåk Almenning har administrasjonsbygg i Bismo, der seks tilsette har kontorstad, i tillegg til tilsette frå Statens naturoppsyn, Mjøsen Skog, Dokkadeltaet, Skjåk idrettslag, DNT Gudbrandsdalen og Breheimen nasjonalparkstyre.
Kontaktinformasjon til dei enkelte finn du på heimesida vår, eller ta gjerne ein tur innom oss.
Opningstid for ekspedisjonen er måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00–14.00. Bedriftstelefonen er betent kvar dag kl. 08.00–15.30. Telefon: 61 21 39 00. E-post: firmapost@skjak-almenning.no
Om hytta
Det er bilveg heilt fram til hytta om sommaren. Om vinteren er det ca. 200 meter å gå frå riksveg 15.
Dette er ei forholdsvis enkel hytte på 40 kvadratmeter som tilbyr det ein treng for eit godt opphald i fjellheimen. Hytta har innlagt straum, kokeplater, kjøleskap og utedo i annekset. Legerhytta fekk nyslipt golv og delvis nye møblar i 2014.
Hytta har to soverom med plass til totalt 8 personar, i tillegg til ein hems. Du blir møtt av ei velhalden hytte som dekkjer alle nødvendige behov.
Les meir om hytta via lenka under.
https://www.skjak-almenning.no/hytteutleie/legerhyttaDet er fleire fiske- og turmoglegheiter med Legerhytta som utgangspunkt. Skjåk Almenning har båt til utlån ved Legervatna (juni–september). Elles kan ein velje turmål som Istjønne, Søre Kuptjønne og vatna i Hamsedalen. Området er også flott for skiturar på ettervinter og vår.
I Breidalen og området rundt er det mange merka turstigar – få med deg hefta «på tur i Skjåk» og «kulturminnetur i Skjåk» med kart og turskildringar.
Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt kan ein få refusjon ved å sende kvittering og kontonummer på e-post til firmapost@skjak-almenning.no
Anbefalte lenker
Hytte-/Avbestillingsregler
No refund if you change your mind, but contact us if you want to change the date or cabin, and we’ll try to help.
Hytta skal reingjerast etter opphald. Vask kjøkkenutstyr, koketopp, benker, bord og golv. Mangelfull reingjering medfører eit gebyr på kr 2 500.
Nøkkelhenting
Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i opningstida måndag, tirsdag og torsdag kl. 09.00–14.00, eller kontakt oss (tlf. 61 21 39 00) for avtale om annan henting. Hugs kvittering.
Ved booking på kort varsel utanom ordinær opningstid er Messenger føretrekt løysing for å nå oss raskt i samband med nøkkellevering.
Dersom ein nøkkel blir mist, må både nøkkel og tilhøyrande lås bytast. Den som har mist nøkkelen er ansvarleg for kostnadene. Det påløper eit gebyr på kr 5 000 for å dekke utskifting av lås og ny nøkkel.
Veibeskrivelse
Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følgjer ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved riksveg 15, 18 km vest for Lom.
Til Legerhytta:
Frå aust: Køyr Rv15 10,1 km forbi Grotli, ta grusvegen til høgre og køyr 200 m opp på gamle Geirangervegen. Køyr gamle Geirangervegen 500 m til venstre og parker ved Legerhytta.
Frå vest: Køyr ca. 3,1 km forbi krysset mellom Stryn (Rv 15) og Geiranger (Fv 63), og ta til venstre opp på gamle Geirangervegen.
Om vinteren blir det brøyta parkering ved Rv15 – ta kontakt med oss i forkant. Elles parkering lenger vest, då blir det lengre å gå.
VIKTIG
Dei fleste hyttene ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt ved mykje laussnø eller dårleg vêr. Ta alltid med gode kart og kompass/GPS, både sommar og vinter, og ver førebudd på skiftande føre og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur, sjekk skredfaren på Varsom.
Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile området, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.
For meir informasjon om turar i Skjåk, sjå lenke under.
https://outtt.com/regions/15/skjkTurtips
Fine turmoglegheiter rett utanfor hytta både sommar og vinter. Breidalseggi (1630 moh) og Langvasseggi (1651 moh) er fine turmål. Det er ikkje merka turstigar til desse destinasjonane, så her må du finne fram på eige hand.
Ønskjer du å gå på merka turstigar, finn du fleire forslag i lenka under.
Elles er det gode fiskemoglegheiter i Legervatna, Langvatnet og fleire mindre tjønner. Skjåk Almenning har båt til utlån på Legervatnet – ta kontakt for meir informasjon.
Kort avstand til kjende turistdestinasjonar som Grotli hotell (10 min), Gamle Strynfjellsvegen (10 min), Stryn sommarskisenter (30 min), Dalsnibba (10 min), Geiranger (30 min) og Stryn (45 min).