Skarvedalshytta i Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Ligg 1479 moh i Skarvedalen i Reinheimen Nasjonalpark. Ca 4-5 t frå Billingen. Gode fiskemoglegheiter. Fint område for turar både sommar og vinter. Topptur til Gråhøe 2014 moh.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
10 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Vedovn
Strøm
Stearinljos
Toalett
Utedo
Vann
Hentast i bekk ca.60 m frå hytta
Kokemuligheter
3-bluss gassbrenner.
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

Rv.15 til Billingen,opp setervegen til parkering. Bru over elva Tora. Merka stig opp til Føyssteinen, vidare umerka men tydeleg stig på vestsida av Føysa innover til bekken som kjem frå Langvatnet.

Ingen stig vidare innover, syrg derfor for å ha med kart og kompass/GPS!

Alternativt gå merka stig på austsida av Føysa til Føystjønn, vidare er det heller ikkje stig. Gå over Vesle Føysa og i terrenget mot Skarvedalen.

Vinterstid løner det seg å gå opp på austsida av Store Føysa. 

 

Lengde: 10 km

Stigning: ca 650 m vest for Føysa, ca 750 m stigning aust for Føysa. 

Tidsbruk: 4-5 timar. 

 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  Ta
derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og
ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk
skredfaren på www.varsom.no

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna. 

M711-serien 1319 II Tordsvatnet.

UTM 32 Euref 89: Nord 6881712 Aust 447555

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

 

 

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Turen til Skarvedalshytta er forholdsvis krevjande då det er mykje stigning i starten og ingen stig innover frå bekken som kjem frå Langvatnet. Fleire av bekkane kan vere utfordrande å krysse tørrskodd i den verste snøsmeltinga.

Her inne er ein i skikkeleg høgfjellsterreng og det er generelt liten trafikk i dette området som er noko av det mest øydeliggjande i Sør Norge.

Terrenget er krevjande å orientere seg i både sommar og vinter, ein bør derfor bruke kart/kompass eller GPS når ein skal innover til Skarvedalshytta. 

Det er fin fisk i fleire vatn og elver i 0,5 - 3 km radius frå hytta. Skarvedalshytta er såleis eit godt utgangspunkt for fisketurar. Isen reiser vanlegvis i juli/august. Ta kontakt med oss for nærare informasjon om istilhøve det enkelte år.

 

Skarvedalshytta er eit flott utgangspunkt for toppturar til mellom anna Skarvedalseggje, Blåhøe og Store Gråhøe 2014 moh, den høgste fjelltoppen i Reinheimen Nasjonalpark. Frå Store Gråhøe har du utsikt både til toppar i Jotunheimen, Breheimen, Jostedalsbreen, Tafjordfjella, Romsdalsalpene, Dovrefjell og Rondane! 

Det er også fint å ta ein rundtur ei langhelg frå hytte til hytte i Reineheimen med utgangspunkt frå Billingen - til dømes via Tverråhytta, Storvassbu og Skavedalshytta. 

 

Om Skjåk Almenning

Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

 

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.

Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.

 

Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark.  Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.

Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen. 

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

UTM 32 Euref 89: Nord 6881712 Aust 447555

Meir kart/info:http://www.ut.no/hytte/3.1957/

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring

tlf. 612 14024.

 

Turtips

Flott utgangspunkt for topptur på ski til Store Gråhøe, 2014moh, den høgste toppen i Reinheimen, og ein av dei mest øydeliggjande 2000 meter toppane i Norge. Elles mange fine fiskevatn med Skarvedalsbue som utgangspunkt. Aktuell for rundtur i Reinheimen NP, med Billingen som utgangspunkt; Tverråhytta, Storvassbu og Skarvedalshytta

Andre aktuelle tilbud