Skarvedalshytta i Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Hytta ligg 1479 moh. i Skarvedalen i Reinheimen. Ca 4-5 t frå Billingen. Gode fiskemoglegheiter. Fint område for turar både sommar og vinter. NB! LES INFO OM NØKKELHENTING!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
10 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Rv.15 til Billingen,opp setervegen til parkering. Bru over elva Tora. Merka stig opp til Føyssteinen, vidare umerka men tydeleg stig på vestsida av Føysa innover til bekken som kjem frå Langvatnet.

Ingen stig vidare innover, syrg derfor for å ha med kart og kompass/GPS!

Alternativt gå merka stig på austsida av Føysa til Føystjønn, vidare er det heller ikkje stig. Gå over Vesle Føysa og i terrenget mot Skarvedalen.

Vinterstid løner det seg å gå opp på austsida av Store Føysa. 

Lengde: 10 km

Stigning: ca 650 m vest for Føysa, ca 750 m stigning aust for Føysa. 

Tidsbruk: 4-5 timar. 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  Ta
derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og
ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk
skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna. 

M711-serien 1319 II Tordsvatnet.

UTM 32 Euref 89: Nord 6881712 Aust 447555

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med nær 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

 

Skarvedalshytta er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.

Turen til Skarvedalshytta er forholdsvis krevjande då det er mykje stigning i starten og ingen stig innover frå bekken som kjem frå Langvatnet. Fleire av bekkane kan vere utfordrande å krysse tørrskodd i den verste snøsmeltinga.

Her inne er ein i skikkeleg høgfjellsterreng og det er generelt liten trafikk i dette området som er noko av det mest øydeliggjande i Sør Norge.

Terrenget er krevjande å orientere seg i både sommar og vinter, ein bør derfor bruke kart/kompass eller GPS når ein skal innover til Skarvedalshytta. 

Det er fin fisk i fleire vatn og elver i 0,5 - 3 km radius frå hytta. Skarvedalshytta er såleis eit godt utgangspunkt for fisketurar. Isen reiser vanlegvis i juli/august. Ta kontakt med oss for nærare informasjon om istilhøve det enkelte år.

Skarvedalshytta er eit flott utgangspunkt for toppturar til mellom anna Skarvedalseggje, Blåhøe og Store Gråhøe 2014 moh, den høgste fjelltoppen i Reinheimen Nasjonalpark. Frå Store Gråhøe har du utsikt både til toppar i Jotunheimen, Breheimen, Jostedalsbreen, Tafjordfjella, Romsdalsalpene, Dovrefjell og Rondane! 

Det er også fint å ta ein rundtur ei langhelg frå hytte til hytte i Reineheimen med utgangspunkt frå Billingen - til dømes via Tverråhytta, Storvassbu og Skavedalshytta. 

 

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

 

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting.

Turtips

Flott utgangspunkt for topptur på ski til Store Gråhøe, 2014moh, den høgste toppen i Reinheimen, og ein av dei mest øydeliggjande 2000 meter toppane i Norge. Elles mange fine fiskevatn med Skarvedalsbue som utgangspunkt. Aktuell for rundtur i Reinheimen NP, med Billingen som utgangspunkt; Tverråhytta, Storvassbu og Skarvedalshytta.

Sjå denne sida for andre turtips: 

https://outtt.com/regions/15/skjk

La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den.

Andre aktuelle tilbud