Kvitberghytta - Skjåk Almenning

Ligg 1050 moh nordvest i Skjåk Almenning, på grensa mot Vestlandet. 2,5-3 t. gange frå bilveg - høver bra som familietur. Båt og garn til utlån. Fin tur også vinterstid.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
10 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Vedovn
Strøm
Stearinljos
Toalett
Utedo
Vann
Hentast frå eit lite vatn ca.100 m sørvest for hytta
Kokemuligheter
3-bluss gassbrenner.
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

Til Kvitberghytta frå Geirangervegen;

Gå på anleggsveg til Kolbeinsvatnet frå Geirangervegen, DNT-stig langs vatnet. Hytta ligg 750m frå stigen.

Frå Hamsevika:

Delvis varda stig på v.side av Hamsetjønnen og forbi Viatjønn. Hytta er godt synleg på god avstand i fint vær.

Om vinteren er Geirangervegen stengt, ein må derfor gå frå Hamseviken vinterstid

Lettgått tur både sommar og vinter, høver bra for barnefamiliar. 

 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur
sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Skjåk Turkart (dekker heile Skjåk) i målestokk 1:60 000, eventuelt

M711-serien 1319 III Tafjord

UTM32 Euref89:Nord6883227 Aust418389

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

 

Kart og info: http://www.ut.no/tur/2.7032/

 

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Kvitberghytta vart nyoppført i 2010. 

Uansett om du vel å gå frå Geirangervegen eller Hamsevika er dette ein lett tur for dei fleste utan mykje stigning og i lettgått terreng og særs vakre omgjevnadar. 

Fleire fiskemoglegheiter med Kvitberghytta som utgangspunkt. Skjåk Almenning har båt og garn til utlån ved Viatjønne. Hytta eignar seg også for bruk på vinteren, og det er ein lett tur frå Hamsevika.  

 

Fleire av hyttene vi har i fjellet står opne for reinsjegarane f.o.m.20.august t.o.m.10.september. Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad.

Innanbygds får refundert kr 150,- ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning eller kome innom kontoret. Utover dette blir ikkje noko refundert dersom du ombestemmer deg.

 

Om Skjåk Almenning

Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

 

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.

Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.

 

Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark. Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.

Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen.

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

 

Skjåk turkart i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk kommune og har innteikna alle utleigehytter og merka turstigar i Skjåk. Dette får du kjøpe hjå Skjåk Almenning og dei fleste service/turistbedrifter i Skjåk. 

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

 Husdyr

Hund tillate,men men skal ikkje vera i opphaldsrom og ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring tlf.612 14024.

 

 

 

Andre aktuelle tilbud