Kvitberghytta - Skjåk Almenning
Hytta ligg 1050 moh. nordvest i Skjåk Almenning. 2,5-3 t. gange frå bilveg - høver bra som familietur. Båt og garn til utlån. Fin tur også vinterstid. Nær DNT-ruter! NB! Les info om nøkkelhenting!
Størrelse og ankomst
- Senger til
- 5 personer
- Antall soverom
- 1
- Areal
- 20 m2
- Ankomst
- tidligst kl 15:00
- Avreise
- senest kl 15:00
- Avstand fra vei
-
10 km (sommer)
10 km (vinter)
- Adresse
- Industrivegen 10
- Poststed
- 2690 Skjåk
Adresse
Beliggenhet
Kontakt utleier
61 21 39 00
Video
Velg ankomst og avreise
Om utleier
Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.
Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.).
Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.
Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen.
Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30
Om hytta
Kvitberghytta vart nyoppført i 2010. Dette er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.
Uansett om du vel å gå frå Geirangervegen eller Hamsevika er dette ein lett tur for dei fleste utan mykje stigning og i lettgått terreng og særs vakre omgjevnadar.
Fleire fiskemoglegheiter med Kvitberghytta som utgangspunkt. Skjåk Almenning har båt og garn til utlån ved Viatjønne (aluminiumsbåt type Alloycraft). Hytta eignar seg også for bruk på vinteren, og det er ein lett tur frå Hamsevika.
Fleire av hyttene vi har i fjellet står opne for reinsjegarane f.o.m.20.august t.o.m.10.september. Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad.
Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.
Anbefalte lenker
Hytte-/Avbestillingsregler
Vask av hytta
Leietaker vaskar hytta sjølv.
Avbestilling
Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.
Husdyr
Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.
Nøkkelhenting
Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Hugs kvittering.
Ved booking på kort varsel utanom ordinær opningstid er applikasjonen messenger den føretrekte løysinga å nå oss raskt på for nøkkellevering.
Veibeskrivelse
NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida.
Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.
Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.
Til Kvitberghytta frå Geirangervegen;
Gå på anleggsveg til Kolbeinsvatnet frå Geirangervegen, DNT-stig langs vatnet. Hytta ligg 750m frå stigen.
Frå Hamsevika:
Delvis varda stig på v.side av Hamsetjønnen og forbi Viatjønn. Hytta er godt synleg på god avstand i fint vær.
Om vinteren er Geirangervegen stengt, ein må derfor gå frå Hamseviken vinterstid
Lettgått tur både sommar og vinter, høver bra for barnefamiliar.
VIKTIG
Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.
Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur
sjekk skredfaren på www.varsom.no
Skjåk Turkart (dekker heile Skjåk) i målestokk 1:60 000, eventuelt
M711-serien 1319 III Tafjord
UTM32 Euref89:Nord6883227 Aust418389
Turtips
Flott turområde med variert terreng knytt til DNT-stier.
For meir info om turar i Skjåk:
https://outtt.com/regions/15/skjk
Kart og info: http://www.ut.no/tur/2.7032/