Grønvassbue, Skjåk Almenning

Grønvassbue ligg nordvest i Skjåk Almenning ved Grønvatnet. Eit stille og fredeleg område. Fint utgangspunkt om du vil bestige Torsnose. Om lag 4 t gange frå bilveg. NB! Les info om nøkkelhenting!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
13 km (sommer)
13 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning

61213900

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Grønvassbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her.

Det er meget fin kvalitet på fisken i Grønvatnet. Vatnet er regulert som gjer at det i enkelte tilfeller kan gjere det vanskeleg å få båten utpå. Elles er det fine fiskemoglegheiter på turen innover i Vuludalen. Også fleire bra fiskevatn i 1,5 - 2 km avstand frå hytta. Aktuell for toppturar som til dømes Torsnose, også vinterstid.

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.

Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad.

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Grønvassbu

Alternativ 1: Køyr Rv 15 4,3 km vest for Grotli, og ta av ved rasteplass til høgre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord, og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Fylg DNT -rute 3,9 km mot Danskehytta til stigkryss med rute frå Grotli. Gå mot søraustre enden av Viksvatnet, gjennom Skrådalen og Vulustrupen fram til Grønvassbu. Det er grov ur langs Viksvatnet som kan vere utfordrande i vått vær. Ein må ta med seg kart og kompass/GPS. 

Alternativ 2: Ein gå frå Stuttgongen ved Øyberg Seter på austsida av elva Vulu - og vidare innover Vuludalen og opp siste kneiken til Grønvatnet. Det er stig innover, men denne er ikkje merka og kan vere borte enkelte plassar.Dette er ein litt lengre tur, men det er ikkje stein og ur, og flotte fiskeplassar innover Vuludalen.

Alternativ 1:

Lengde 12,1 km

Stigning: 372 meter.

Tidsbruk: 4-6 timar

Alternativ 2:

Lengde: Ca 14 km

Stigning: 470 meter

Tidsbruk: 5-6 timar.

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

GPS koordinatar, UTM Euref 89 Nord: 6886295 Aust: 429651

Eventuelt M711-serien 1819 III Tafjord.

 

Turtips

Grønvassbue er flott utgangspunkt for toppturar til Torsnose (1975 moh), både sommar og vinter. Vuludalen på tur innover til Grønvatnet er flott område for sportsfiske. Det er mogleg å legge opp si eiga rute frå hytte til hytte gjennom Skjåk frå vest til aust. Kvitberghytta- Grønvassbu-Tverråhytta-Storvassbu-Skarvedalshytta-Sveinbu-Storhøbu. 

Sjå denne sida for andre turtips: 

https://outtt.com/regions/15/skjk

Andre aktuelle tilbud