Tverråhytta i Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Ligg 1040 moh i Tordalen i Reinheimen Nasjonalpark. 9 km og ca.2,5 - 3 t gange frå Billingen. Passar bra for familiefisketur! Evt. kombiner med Storvassbu og Skarvedalshytta for rundtur i Reinheimen

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
10 km (sommer)
10 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Vedovn
Strøm
Stearinljos
Toalett
Utedo
Vann
Hentast i Tverråe, ca 200 m frå hytta
Kokemuligheter
3-bluss gassbrenner.
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

Til Tverråhytta;

Rv.15 til Billingen,opp sætervegen til parkering.DNT-stig på vestsida av Tora til Tverråe og over elva på sommarbru. Hytta ligg like ved DNT stigen.

 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre
ligg i høgfjellet utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli
krevjande og ta mykje lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller
dårleg vær.  Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både
sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i
høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M 711-serien 1319 II Tordsvatnet. UTM 32 Euref 89:Nord 6883990 Aust 437686

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

 

 

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Turen til Tverråhytta er ein fin familietur sommarstid då det er DNT stig fram til hytta, lite stigning og lettgått terreng.

Vinterstid er det stikka DNT løype forbi Tverråhytta, men løypa blir vanlegvis ikkje stikka før til påske. Tidlegare på vinteren er det ingen merking eller løype, og det er derfor naudsynt med kart/kompass/GPS. 

 

Hytta har flott utsikt utover Tordalen og Torsnose som er den høgste toppen i området. 

Fine fiskeplassar i elva Tora når denne ikkje er flaumstor, men mykje småfisk. Bra fiske på Torsvatnet og fleire andre vatn lenger inn på fjellet i aust og nordaust for Torsvatnet med bra kvalitet på fisken. Tverråhytta ligg sentralt til langs DNT-nettet, og passar som overnatting i forbindelse med turar både til Veltdalshytta og Torsbu. Eventuelt er det fint å legg opp ein rundtur ei helg i Reinheimen NP frå hytte til hytte; Tverråhytta-Storvassbu-Skarvedalshytta. 
 

Innanbygds får refundert kr 150,- ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning eller kome innom kontoret. Utover dette blir ikkje noko refundert dersom du ombestemmer deg.

 

Om Skjåk Almenning

Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

 

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.

Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.

 

Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark. Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.

Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen.

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

M 711-serien 1319 II Tordsvatnet. UTM 32 Euref 89:Nord 6883990 Aust 437686

http://www.ut.no/hytte/3.1961/

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,skal ikkje vera i opphaldsrommet og ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo (måndag-fredag kl. 8.00-15.30) Eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

Andre aktuelle tilbud