Storvassbu i Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Ligg 1525 moh i hjartet av Reinheimen NP i eit av dei mest øydeliggjande høgfjellsområda i Sør-Norge. Ca 6-8 t. gange frå Billingen. Flott område for fiske!

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
22 km (sommer)
22 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Vedovn
Strøm
Stearinljos
Toalett
Utedo
Vann
Hentast i vatnet 200 m frå hytta eller oppkome 100 m vest for hytta.
Kokemuligheter
3-bluss gassbrenner.
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

Alternativ 1.

Rv.15 til Billingen,opp sætervegen til parkering. DNT-stig på vestsida av Tora til Tverråe, forbi Tverråhytta og opp til osen av Torsvatnet. Ny elvekryssing over lita bru i osen av Torsvatnet. Frå her er det ingen stig, gå austover i terrenget langs Sponga forbi Dørvatnet og så nordaust til Storvassbu.

 

Alternativ 2:

Parker bilen som alt.1. Gå bru over elva Tora. Merka stig opp til Føyssteinen, vidare umerka men tydeleg stig på vestsida av Føysa innover til bekken som kjem frå Langvatnet. Frå her er det ingen stig. Gå vidare i terrenget mot Skarvedalshytta, men sving nordover på vestsida av Blåbergtjønne, gjennom Dør og vidare på austsida av Dørtjønn. Gå mellom Dørvatnet og Austre Dørtjønne fram til Storvassbu. 

 

Kombiner gjerne alternativ 1 og 2 så får du ein rundtur i hjartet av Reinheimen Nasjonalpark!

 

Merk at det er naudsynt med kart og kompass/GPS på denne turen.

 

Lengde: 21,1 km (alt.1) / ca 18 km (alt.2)

Stigning: 715 meter

Tidsbruk: 6-8 timar.

 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Skjåk Turkart dekker heile Skjåk i målestokk 1:60 000, eventuelt M711-serien 1319 II Torsvatnet.

Koordinat: UTM 32 Euref 89:

Nord 6888948 Øst 447034

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Storvassbu

Ligg nordaust i Skjåk Almenning på grensa til Lesja i Reinheimen Nasjonalpark. Ca.6-8 t.gange frå Billingen. Kjem du deg inn hit er du i eit av dei mest øydeliggjande områda i Sør-Norge, og det er generelt liten ferdsel. Ynskjer du ein villmarkstur i ekte høgfjellsterreng er dette staden for deg!

Kombiner gjerne denne turen med overnatting i Skarvedalshytta eller Tverråhytta så får du eit snillare alternativ til ein rundtur i Reinheimen. 

 

Det er langt å gå, men ikkje bratt (med unntak av starten i rute alt.2) og høvesvis lettgått høgfjellsterreng - men ein del stein. Det er ingen stigar lengst inne i området, det er derfor naudsynt med kart og kompass/GPS for å finne fram. 

 

Flott fiske- og turområde med mange moglegheiter for kortare og lengre fisketurar med Storvassbu som utgangspunkt. Elva Sponga, Bollvatnet, Dørvatnet, Dørtjønnen, Spongvatna, Storvatnet m.fl. Det er som oftast isfritt frå siste halvdel av juli, ta kontakt med oss om istilhøva.

Skjåk Almenning har båt og garn til utleige på Storvatnet. 

 

Fleire av hyttene vi har i fjellet står opne for reinsjegarane f.o.m.20.august t.o.m.10.september. Elles er det mogleg å leige hyttene i samband med rypejakt etter søknad.

 

Innanbygds får refundert kr 150,- ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning eller kome innom kontoret. Utover dette blir ikkje noko refundert dersom du ombestemmer deg.

 

Om Skjåk Almenning

Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

 

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.

Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.

 

Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark. Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.

Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen.

 

 

M711-serien 1319 II Torsvatnet.

Koordinat: UTM 32 Euref 89:Nord 6888948 Øst 447034

Skjåk Turkart i målestokk 1:60 000 (dekker heile Skjåk), kan du få kjøpe på dei fleste turistbedrifter i Skjåk og hjå Skjåk Almenning.  

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring

tlf. 612 14024.

 

 

Turtips

Eit av vårt beste utgangspunkt for fiske i Skjåk!

Andre aktuelle tilbud