Aursjobu ved Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Ligg ved Vikhøe, 1140 moh. med fantastisk utsikt mot Breheimen. Bilveg sommarstid. Fint for dagsturar til fleire fine fiskevatn i området. Lov med motor inntil 9,9hk på Aursjoen.

Hyttekalender

INVITER PÅ TUR! Del på

Hyttedetaljer

Størrelse og ankomst

Senger og utstyr til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
6 km (vinter)

Annet

Husdyr tillatt
Ja

Utstyr og fasiliteter

Oppvarming
Elektrisk og vedovn
Strøm
Elektrisk og stearinljos.
Toalett
Utedo
Vann
Hentast i Aursjoen.
Kokemuligheter
Elektrisk kokeplate
Oppbevaring av mat
Kjøleskåp
Sengetoy
Ta med sovepose
Kjøkkenutstyr
Dekketøy og bestikk, kjeler og vaskeutstyr.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

 

Til Aursjobu

F.veg 485 mot Jøingsli. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo, det er skilta mot Aursjoen.

Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen og parkeringsplassen. Om vinteren er ikkje Aursjovegen brøyta, men det er som oftast skuterløype oppover Aursjovegen.

 

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

Kartref.M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I UTM 32 Euref 89:Nord 6866126 Aust 0459818

 

For meir info om turar i Skjåk:

https://outtt.com/regions/15/skjk

Om oss

Kontakt oss

Skjåk Almenning, Industrivegen 10-2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Om hytta

Flott utsikt både mot Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Fint utgangspunkt for fiske og turar innover fjellet.

Ta med båt og garn for fiske på Aursjoen, lovleg med bruk av motor inntil 9,9 hk. Også eit fint utgangspunkt for dagsturar til fleire fine fiskevatn i området, samt fotturar innover Ottadalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark. Det er merka fleire turstigar i området med utgangspunkt like ved hytta.

Aursjobu er ein av dei mest brukte hyttene i rypejakta, ta kontakt med oss om du ynskjer jakt og hytte.

Aktuell for turar om vinteren også. Vegen til Aursjoen er vinterstengt, men den kan vera open 3-4 km avhengig av snø/føretilhøva. Det er som oftast skuterløype opp til Aursjoen frå slutten av februar. 

Innanbygds får refundert kr 150,- ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning eller kome innom kontoret. Utover dette blir ikkje noko refundert dersom du ombestemmer deg.

 

Om Skjåk Almenning

Skjåk Almenning er på heile 2 millionar dekar, og er den største private eigedomen i landet. Almenninga utgjer 95 prosent av arealet i Skjåk kommune. 6 prosent er skogkledt, medan vatn, elvar og brear utgjer 11 prosent. Resten er fjell og vidde. Høgaste topp er Nordre Hestbrepiggen på 2.172 m.o.h.

 

Geografisk soknar området til Austlandet, men store areal kilar seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, noko både landskap og klima bær preg av. Frå dei mjuke flyene i nordaust, vert fjella villare og dalane djupare mot sør og vest.

Skjåk er den mest nedbørfattige kommunen i landet - med tørre, varme somarar og stabile snøsikre vintrar. Storslege og vakkert er det over alt, og spennvidda i naturtypar er eit viktig kriterium for verneverdiane i området.

Skjåk er Norges største Nasjonalparkkommune, og store delar av Breheimen og Reinheimen Nasjonalparkar ligg i Skjåk.

 

Vi har 14 hytter i fjellet, der to ligg ved bilveg. Hyttene er fine turmål i seg sjølv, og elles flotte utgangspunkt for fiske- og fotturar. Du kan til dømes legge opp di eiga rute frå hytte til hytte i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark.  Vil du på topptur, har Skjåk 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente.

Vi har også fire hytter ved bilveg som høver bra for dei som ynskjer eit lettare utgangspunkt for fjellturen. 

 

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

Kartref.M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I UTM 32 Euref 89:Nord 6866126 Aust 0459818 Meir kart/info:www.iskjak.no

 

Anbefalte lenker

Hytteregler/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eventuelt kontakt oss for avtale om annan henting.

I tidsrommet frå 1.mai til 1.september kan nøkler hentast på Skjåk turistheim utanom kontortida vår. Hent helst før kl. 21.00, ved forsinking ring tlf. 612 14024.

Andre aktuelle tilbud