Aursjobu ved Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Hytta ligg ved Vikhøe,1140 moh. med fantastisk utsikt mot Breheimen. Bilveg sommarstid. Dagsturar til fleire fine fiskevatn. Lov med motor inntil 9,9hk på Aursjoen. NB! Les info om nøkkelhenting!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 13:00
Avstand fra vei
0 km (sommer)
6 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Aursjobua er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Det er innlagt strøm i hytta, men oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn. I hytta er det 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar. Den ligg i flott utsikt både mot Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Fint utgangspunkt for fiske og turar innover fjellet.

Du kan sjå meir info og video over hytta og landskapet rundt her https://www.skjak-almenning.no/hytteutleie/aursjobu

Vi tilbyr båt (utan motor) og garn for fiske på Aursjoen som er like ved hytta. Det er lovleg med bruk av motor inntil 9,9 hk på Aursjoen.

Området er også eit fint utgangspunkt for dagsturar til fleire fine fiskevatn i området, samt fotturar innover Ottadalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark. Det er merka fleire turstigar i området med utgangspunkt like ved hytta. 

Aursjobu er ein av dei mest brukte hyttene i rypejakta, ta kontakt med oss om du ynskjer jakt og hytte.

Hytta er i høgste grad aktuell for turar om vinteren også. Vegen til Aursjoen er ikkje vinterbrøytt, men den kan vera open 3-4 km avhengig av snø/føretilhøva. Det er som oftast skuterløype opp til Aursjoen frå slutten av februar. 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

Anbefalte lenker

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

Veibeskrivelse

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Til Aursjobu

F.veg 485 mot Jøingsli. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo, det er skilta mot Aursjoen.

Køyr 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen og parkeringsplassen. Om vinteren er ikkje Aursjovegen brøyta, men det er som oftast skuterløype oppover Aursjovegen.

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.  

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

Turkart Skjåk i målestokk 1:60 000 dekker heile Skjåk, med alle utleigehytter og merka turstigar innteikna.

Kartref.M711-serien kartblad Aursjoen 1518 I UTM 32 Euref 89:Nord 6866126 Aust 0459818

Turtips

Bilveg heilt fram gjer at ein kan ta dagsturar med bil austover til Lom (ca 45 min), Galdhøpiggen og Sognefjellet. Ynskjer ein seg vestover mot fjordane, er Stryn eller Geiranger i fin dagsturavstand med bil frå Aursjobu (ca. 1,5 - 2 timar). 

For turar i Reinheimen er Aursjobu eit ypperleg utgangspunkt - om du skal på jakt, fiske eller fotturar. Ein startar på 1100 moh, og terrenget er stort sett lettgått. 

Terrenget rundt Aursjoen er generelt familievenleg og lett å ferdas i. Mangfaldet for friluftslivsaktivitetar er veldig stort!

https://www.outdooractive.com/no/poi/skjak/pollvatnet/56009958/

 

La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den

Andre aktuelle tilbud