Garnfiske med båt i Klevavatenet, 1300 m.o.h. Overnatting i lita Ål-hytte fyljer med.
Velkommen til vakre Fødalen landskapsvernområde. Ved kjøp av garnfiske i Store Klevavatnet fyljer ein båt, 2 redningsvester og 15 fiskegarn med, samt overnatting i ei lita Ål-hytte på 25 m2.
Arter
- Ørret
Beliggenhet
Viktige datoer
05.05.2025 kl. 09:00
Kontakt selger
Kjøp fiskekort her
Fiskekvoter
Mer detaljert beskrivelse
Prisen inkluderer fylgjande:
- Båt og garnfiske
- 15 stk garn. Garna heng i uthuset. Garfisket starter i praksis rundt 10. juni (da er det trolig isfritt)
- Propan og ved (ved skal ikkje nyttast til bålfyring).
- 2 stk. redningsvestar (vaksen)
- Overnatting i hytte på 25 m2 med 1 soverom og sengeplass til 4.
Båten ligg rett ned for hytta (ca.130 m). Dette er ein 14 fots Aluminiumsbåt. Båten må dragast skikkelig opp på land når den ikkje er i bruk. Vatnet kan stige (ca.0,5m) ved mykje nedbør.
Hytta ligg på 1300 moh. ved Store Klevavatnet i Fødalen landskapsvernområde. Lita Ål-hytte på 25m2 med soveplass til 4. Solcelle. Frittståande propan koketopp med 3 bluss. Eneklt, grunnleggande kjøkkenutstyr. Ikke dusj eller kjøleskap.
Hytta har vedovn. Vatn hentast i vatnet ved hytta, ca 130 m unna. Utedo.
Ingen mobildekning
Nøkkel. Ein får informasjon om nøkkel etter booking og betaling på inatur.no.
Ta med:
Utleige er basert på sjølvhushald, så ta med forbruksvarer.
Ta med sovepose, laken og putetrekk.
Generelle opplysninger
Fiske i høgfjellet kan være utfordrande med tanke på til vær og vind. Ein bør alltid vurdere om det er forsvarlig å være på vatnet i båt.
Fiskeregler
Fiskeregler, innrapportering
Sjå vedlegget Garnfiske i Fødalen. Eit skjema fyllast ut per fiskedøgn. Skjemaa kan også lastas ned fra denne siden Alle fiskelg skal innrapportere fangst.
Hyttereglar/Avbestillingsreglar
- Ankomst tidligst kl. 16. Avreise senest kl. 15
- Hytta skal vera ryddig og reingjort når ein reiser.
- Dyr skal ikkje opp i sengene.
- Alt av søppel og tomgods må takast med.
- Ver venleg og ikkje set att noko som helst av mat, heller ikkje tørrmat eller drikke.
- Garn skal reingjerast, ryddast og hengast til tørk på rett plass. Båten skal ligge på opplagsplass.
- Dersom noko manglar eller blir øydelagt under opphaldet skal utleigar varslast.
- Det skal leverast fangstskjema pr. epost for fiske (ta bilde eller scann). Dette ligg i hytta.
- Utfyllande hyttereglar er hengt opp i hytta, set deg inn i desse.
Avbestillingsreglar
- Ein betalar opphaldet på inatur.no ved bestilling.
- Ved avbestilling inntil 30 dager før opphaldet startar refunderast 85 % av beløpet.
- Ved avbestilling mellom 30 - 7 dagar før opphaldet startar refunderast 50 % av beløpet
- Ved avbestilling éi veke eller mindre før opphaldet startar blir det ikkje gitt refusjon
Avbestilling skjer direkte til hytteeigar.
Veibeskrivelse
Klevahytta ligg på 1300 moh. ved Store Klevavatnet i Fødalen landskapsvernområde.
Parkering i Toviken. Ca 50 km frå Ål sentrum med bil. Ca.1 time. gange frå p-plass i Toviken.
Stigen inn går opp Klevaskardet og vidare langs sørsida av Store Klevavatnet. Ein bør rekne opp mot 2 timar i gangtid. Alternativ rute er merka turiststig via Iungsdalshytta (DNT-hytte).
Kartreferanse: 32 V 0442102, 6744706