Garnfiske med båt i Fødalsvatenet, 1200 m.o.h. Haslehiet innreidd steinbu fyljer med

Velkommen til vakre Fødalen landskapsvernområde. Ved kjøp av garnfiske i Fødalsvatnet fyljer 1 båt, 2 redningsvester og 15 fiskegarn med, i tillegg til overnatting i ei innreidd, gamal steinbu.

Arter

  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer


05.05.2025 kl. 09:00

Kontakt selger

Ål fjellstyre

Ola Dusegard, Svein Roar Solheim eller Lars Løyte

90086908, 95178038 eller 91349165

Ola@Dusegard.no

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Prisen inkluderer fylgjande:

  • Båt og garnfiske 
  • 15 stk garn. Garna heng i uthuset. Garnfisket starter i praksis rundt 10. juni (da er det trolig isfritt)
  • Propan og ved (ved skal ikkje nyttast til bålfyring).
  • 2 stk. redningsvestar (vaksen)
  • Overnatting i Haslehiet med sengeplass til 4.

 

Båten ligg rett ned for hytta (ca.320 m). Dette er ein 14 fots Vinstrabåt. Båten må dragast skikkelig opp på land når den ikkje er i bruk. Vatnet kan stige (ca.0,5m) ved mykje nedbør.

Haslehiet ligg på 1200 moh. ved Fødalsvatnet i Fødalen landskapsvernområde. Dette er ei gamal innreid steinbu på ca.12 m2. Solcelle. Frittståande propan koketopp med 2 bluss. Eneklt, grunnleggande kjøkkenutstyr. Ikke dusj eller kjøleskap. Utedo.

Hytta har vedovn. Vatn hentast i bekken vest for hytta, ca 35 m eller i Fødalsvatnet

Ingen mobildekning

Ta med:

Utleige er basert på sjølvhushald, så ta med forbruksvarer.

Ta med sovepose, laken og putetrekk.

Nøkkel. Hytta står ulåst. Ein får informasjon om nøkkel til uthuset etter booking og betaling på inatur.no.

Generelle opplysninger

Fiske i høgfjellet kan være utfordrande med tanke på til vær og vind. Ein bør alltid vurdere om det er forsvarlig å være på vatnet i båt.

Fiskeregler

Fiskeregler, innrapportering

Sjå vedlegget Garnfiske i Fødalen. Eit skjema fyllast ut per fiskedøgn. Skjemaa kan også lastas ned fra denne siden Alle fiskelg skal innrapportere fangst.

Hyttereglar/Avbestillingsreglar

  • Ankomst tidligst kl. 16. Avreise senest kl. 15
  • Hytta skal vera ryddig og reingjort når ein reiser.
  • Dyr skal ikkje opp i sengene.
  • Alt av søppel og tomgods må takast med.
  • Ver venleg og ikkje set att noko som helst av mat, heller ikkje tørrmat eller drikke.
  • Garn skal reingjerast, ryddast og hengast til tørk på rett plass. Båten skal ligge på opplagsplass.
  • Dersom noko manglar eller blir øydelagt under opphaldet skal utleigar varslast.
  • Det skal leverast fangstskjema pr. epost for fiske (ta bilde eller scann). Dette ligg i hytta.
  • Utfyllande hyttereglar er hengt opp i hytta, set deg inn i desse.

 

Avbestillingsreglar

  • Ein betalar opphaldet på inatur.no ved bestilling.
  • Ved avbestilling inntil 30 dager før opphaldet startar refunderast 85 % av beløpet.
  • Ved avbestilling mellom 30 - 7 dagar før opphaldet startar refunderast 50 % av beløpet
  • Ved avbestilling éi veke eller mindre før opphaldet startar blir det ikkje gitt refusjon

 

Avbestilling skjer direkte til hytteeigar. 

Veibeskrivelse

Parkering i Toviken. Ca 50 km frå Ål sentrum med bil. 2-3 timar gange til Haslehiet frå p-plass i Toviken.

Stigen inn går opp Klevaskardet, vidare langs sørsida av Store Klevavatnet, ned til Fødalsvatnet og innover langs dette. Ein bør rekne opp mot 3 timar i gangtid. Alternativ rute er merka turiststig via Iungsdalshytta (DNT-hytte). 

Kartreferanse: 32 V 0441206, 6747056.

Andre aktuelle tilbud