Velkommen til fiskeopplevelser i Ullensvang - Noregs friluftshovudstad

Odda grunneigarlag tilbyr fiskekort for ei rekke vatn i Ullensvang kommune, m.a i Sandvinsvatnet nær Odda sentrum, til høgfjellsfiske i fleire flotte vatn.

Arter

  • Ørret
  • Røye
  • Andre

Beliggenhet

Kontakt selger

Odda grunneigarlag SA

Andreas Sigvaldsen

97558423

sigvaldsengardsandvin@protonmail.com

Kjøp fiskekort her

Om selger

Odda grunneigarlag SA sitt føremål er å fremja grunneigarane sine interesser når det gjeld jakt, fiske og anna friluftsliv som næring innanfor Ullensvang kommune.

Det skal arbeida for ein god jakt- og fiskekultur, og vera eit rådgjevande organ når det gjeld utnytting av utmarka og andre areal nytta til same føremå|. Laget, skal etter beste skjøn, også ta vare på og verna om dei naturverdiane me har.

Fiskekvoter

Det er ingen kvoteavgrensingar på fisk på dette tilbodet.

NB! Det er berre tillat med maks 2 fiskestenger per person.

NB! Det er ikkje tillat med garnfiske!

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Med dette fiskekortet kan du fiska med stong og handsnøre i følgjande vatn i Ullensvang kommune:

Mosdalsvatn, Kvanntjørn, Sandvinvatnet, Kvanndalsvatnet, Fossasetevatn, Kvirvelvatnet, Liasetervatnet, Rotekotvatnet, Øvre og Nedre Orravatnet, Nedstetjørn, Midttjørn, Stølsvatnet, Rausvatnet, Nedsta Øktarevatnet, Løyningsvatnet, Nyastølsvatnet, Botnavatnet, Sandbotnevatni, Steinavatnet, Krossdalsvatnet, Vassvikevatnet, Grastjørn, Flådalsvatnet, Langavatnet, Låtevatnet og Reinsnosvatnet.

Med fiskekortet kan det også fiskast i dei fleste tilgrensande vassdrag (ikkje Opo!).

 

Følgjande vatn er sett bort frå og kan ikkje fiskast i med dette fiskekortet:

Blåvatn, Buarvatn, Svartenutvatn/ Svartenuttjørna, Røyrgjuvvatn, Midtstølsvatn, Midtstølsvatn, Ljosavatn, Nedsta setevatn, Setevatn, Svartavatnet og Isvatnet.

 

Turistinformasjon (Torget 2-4, 5750 Odda, tel. +47 53654000) i Ullensvang kommune kan òg vera behjelpelig ved kjøp av fiskekort innanfor opningstider.

Fiskeregler

Barn under 16 år har rett til å fiska gratis i perioden 1. januar til 20. august. Dette gjeld for fiske med fiskestong og handsnøre.
Vaksne som skal fiska i ferskvatn må ha løyve til dette av dei som eig fiskevatnet. Dette får du ved å kjøpa eit fiskekort for området du skal fiska i.

Følgjande vatn er sett bort frå og kan ikkje fiskast i med dette fiskekortet:

Blåvatn, Buarvatn, Svartenutvatn/ Svartenuttjørna, Røyrgjuvvatn, Midtstølsvatn, Midtstølsvatn, Ljosavatn, Nedsta setevatn, Setevatn, Svartavatnet og Isvatnet.