Ørretfiske på Valebjørgheia. Overnatting på Fiskebustøylen og leie av båt tilbys.

Godt ørretfiske på Valebjørgheia i Fyresdal i flott terreng. Her er det moglegheit for leige av båt og overnatting i hytter på idylliske Fiskebustøylen.

Arter

  • Ørret

Beliggenhet

Kontakt selger

Fiskebustøylen

+47 976 77 991 / +47 415 94 057

post@fiskebustoylen.no

Kjøp fiskekort her

Om selger

Fiskebustøylen er ein gamal støyl på Valebjørgheia i Fyresdal med kjent aktivitet datert tilbake til seint 1800-tal. Her kan du finne ro og stille – i eitt med naturen. På Valebjørgheia finn du eit rikt dyre- og planteliv, ei mengd flotte fiskevatn, jaktmoglegheiter og eit variert turterreng. Støylen er som i tidlegare tider, tilhøyrande garden Valebjørg Søndre og vart bruka til tradisjonell støylsdrift fram til 1932.

Fiskebustøylen blir i dag drive av Åshild, Anne og Jørund Valebjørg.

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Valebjørgheia er et eldorado for fiske etter fjellaure. I 32 fjellvatn kan du få fin fisk som er ivrig i bittet og raud i kjøtet. Rekorden er 2,3 kg, og flotte fjellaurar på over kiloen blir tekne med jamne mellomrom. Det er fleire fiskestiar i området, som gjev god tilkomst til dei fleste vatna. Ved ynskje om fiske frå båt er det mogleg å leige dette.

Nokre av fiskevatna ligg rett ved bilvegen og er tilgjengelege for dei som ikkje kan gå langt. 
MERK! Det er IKKJE lov å fiske med levande agn, utanom mark.


Du kan leige båt, kano og anna fiskeutstyr. I nokre vatn er det også moglegheiter for å fiske med garn. Ta direkte kontakt med Fiskebustøylen.

OBS! Me tillet ikkje bruk av eigen kano, kajakk, packraft eller liknande.

 

Andre aktivitetar:

Heiene kring Fiskebustøylen byr på flotte turområde med både svaberg og furuskog. Det er nokre merkte turstiar ein kan fylgje til fjelltoppar i området: Maurdalsrista og Åbogsfjell samt Myrbu på veg mot Kronfjell (925 moh.). Elles er det sauestiar og fiskestiar ein kan fylgje til toppar og fiskevatn. Valebjørgheiene har eit rikt dyreliv, og det er store moglegheiter med kamera. Om du vil utforske området til fots eller i kano/kajakk er du garantert ei oppleving der du blir eitt med naturen.

Overnatting:

Fiskebustøylen har tre trivelege utleigehytter: Rundebu for to, Olavsbu for fem, og Fiskebu for tretten personar. Hyttene ligg midt i fiskeeldoradoet og er eit ypparleg utgangspunkt for å nyte rolege dagar i fjellet. For meir informasjon om dei enkelte hyttene og booking sjå nederst på sida.

 

BOMVEG! Nykel til bommen må ein leige hjå vertskapet på Valebjørg Søndre. Vegavgift er kr 150,- per bil.

OBS! Bobilar eller campingvogner kjem ikkje gjennom bommen.

Fiskeregler

Fiskekort gjeld for:

Krossvatn, Midtvatn søndre del, Nuvatn, Holmevatn, Åbogtjønn, Himmelstøyltjønn, Løyningtjønn, Sipletjønn, Nedre Stakkhomtjønn, Øvre Stakkhomtjønn, Laurdagstjønn, Ålvora, Rundemann, Sletteheitjønn, Maurdalstjønn, Gråstakktjønnane (8 stk), Gråndalstjønn vestre, Gråndalstjønn midtre, Gråndalstjønn austre, Tarjeistjønn, Urdvatn, Myrbutjønn nedre, Støylskrotjønn og Krontjønn.

Veibeskrivelse

Fylg Fv. 355 Fyresdalsvegen langs Fyresvatn, frå anten Fyresdal eller Nissedal, og ta av ved skilt til Fiskebustøylen. Frå avkøyringa er det om lag 6,2 km inn til Fiskebustøylen. Det går bilveg heilt inn til hyttene.
Bomveg

For å kome til Valebjørgheia og Fiskebustøylen må du gjennom ein bom. Nykelen til bommen får du ved å ta kontakt på +47 976 77 991 eller +47 415 94 057 og køyre innom oss på garden Valebjørg Søndre, rett ved fv. 355 og avkøyringa til Fiskebustøylen.

Gode fisketips

Fiskesesongen hjå Fiskebustøylen er frå isen går om våren til isen legg seg om hausten. Det blir fanga fisk gjennom heile sesongen. Dei fyrste klekkingane startar gjerne i mai, så om du er flugefiskar, kan Fiskebustøylen vere ein perfekt start på sesongen.

Andre aktuelle tilbud