Fiske i Hauggrend og Hegglandsgrend i Fyresdal

Her kan du fiske i frodig og variert natur, frå Skredvatn på 340 moh til tjønnar og fjellvatn på over 1000 moh i Sveinsheia. Flott turterreng med nest høgste toppen i Fyresdal, Roan 1191 moh.

Arter

  • Ørret
  • Sik

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Fyresdal Fiskefond

35067703 / 91632615

helge.kiland@gmail.com

Kjøp fiskekort her

Om selger

Fyresdal er gjennom Fyresdal Fiskefond delt inn i fem fiskesoner, og du kan kjøpe fiskekort for ei sone eller heile området.

Med over 500 vatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett.

Fiskekvoter

Det er inga kvoteavgrensning på dette tilbodet.

Mer detaljert beskrivelse

Hegglandsgrend og Hauggrend ligg nord-aust i Fyresdal i Vest-Telemark. Her kan du dorge i Skredvatn 340 moh, eller du kan nyte Sveinsheia med alle sine små og mellomstore vatn 1000 moh. Skredvatn kan by på flott sik, og aure opp mot kiloen, medan Sveinsheii leverar flott fjell-aure som passar akkurat i panna. Er du heldig kan du i tillegg få med deg reinens vandring kring Stor-Roan!

Enklaste åtkomst er frå Fv355, via Foldsæ, til Røyningdalen. Herifrå er det om lag to timars gange inn mot Valevatn. Alternativt kan ein ta av frå Fv355 mot Geitstadgrend, for så å fylje vegen til Husstøylvatn. Her er vegen stengt med bom, men har ein med sykkel er det ein fin tur inn til enden av Rolleivstadvatn, for så å gå aust mot Homvatn, eller nord mot Valevatn.

Hegglandsgrend og Hauggrend går under sone tre i fiskekortløysinga. Du finn meir informasjon om fisket i kommunen her: Fiske i Fyresdal
 
Overnatting
For overnatting i nærleiken er nokre av alternativa Fossumsanden Camping & hytter, Rindebakken Skysstasjon eller Telemark Camping & Inn.

Andre aktivitetar

Ynskjer du avveksling med ein av regionens flottaste toppturar, kan du bestige Roan med sine 1191 moh, med utsikt til Gaustatoppen og søre delen av Hardangervidda. Her finn du turforklaring og forslag til andre turmål i området: Turar i Fyresdal.
Elles er det fint terreng for blant anna padling, bading, sykling og bærplukking.
God tur! 

Fiskeregler

Kjøp av fiskekort gjev rett til fiske med stong og handsnøre i dei områda fiskekortet gjeld for. Dei som skal fiske plikter å orientere seg om kvar det er lov å fiske og om dei reglane som gjeld. 

Ungar under 16 år kan etter "Lov om innlandsfiske" fiske fritt med stong og handsnøre fram til 20. august kvart år.
Ved kontroll har ein plikt til å syne fram fiskekort eller legitimasjon.

Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er forbode! Hjelp oss å halde vatna frie for ørekyte også i framtida!

Hugs fare for skogbrann! Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15. april - 15. september.

Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskesnøre eller liknande. Vis omsyn til andre turfolk og tenk deg om når du bryt granbar og samlar ved til bålet.

Andre aktuelle tilbud