Fiske i Kleivgrend i Fyresdal

Frodig landskap og flott terreng med skog og snaufjell, samt lett tilgang på gode fiskevatn med aure. I Bondalsvatn er det også sik.

Arter

  • Ørret
  • Sik

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Fyresdal Fiskefond

35067703 / 91632615

helge.kiland@gmail.com

Kjøp fiskekort her

Om selger

Fyresdal er gjennom Fyresdal Fiskefond delt inn i fem fiskesoner, og du kan kjøpe fiskekort for ei sone eller heile området.

Med over 500 fiskevatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett.

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Kleivgrend ligg nord-vest i Fyresdal i Vest-Telemark. Her er mange vatn både i hovuddalføret og på heiane. Det er sik i Bondalsvatn, elles så dreiar det seg mest om aure. Fisket i Kleivgrendsvatna har vorte kultivert og kvaliteten har vorte god. Dette gjev særs enkel tilgang på godt fiske for dei som ikkje kan gå så langt. Det er generelt bra fisk overalt, men storfisken er stort sett å finne mot grensa til Valle, i Øyuvsvatn eller på Åslandsheia.

Terrenget varierar mellom skog og snaufjell. Det er bratt i hovuddalen, men køyrer ein fjellvegen innover så kjem ein opp i lettare terreng nokså raskt.
Ankomst inn Kleivgrendsvegen frå krysset i Hegglandsgrend.

Kleivgrend går under sone fire i fiskekortløysinga. Du finn meir informasjon om fisket i kommunen her: Fiske i Fyresdal

Overnatting
Skal du langt vestover, er DNT sine hytter å anbefale. Elles finn du overnattingsmoglegheiter sentralt i Fyresdal og rundt om i grendene. Blant anna Fyresdal Bed and Breakfast, Telemark Camping og Inn, samt Birtehytta, Tovslid og Kvipt i Birtedalen. 

Andre aktivitetar

Fyresdal har eit snilt turterreng som passar for dei aller fleste, frå rundt 300 moh til over 1000 moh. Fleire av rutene har god sti og tydeleg merking.
Her finn du oversikt over turmål i området: Turar i Fyresdal.
Elles er det gode moglegheiter for blant anna padling, bading, sykling og bær- og sopplukking.
God tur! 

Fiskeregler

Kjøp av fiskekort gjev rett til fiske med stong og handsnøre i dei områda fiskekortet gjeld for. Dei som skal fiske plikter å orientere seg om kvar det er lov å fiske og om dei reglane som gjeld. 

Ungar under 16 år kan etter "Lov om innlandsfiske" fiske fritt med stong og handsnøre fram til 20. august kvart år.
Ved kontroll har ein plikt til å syne fram fiskekort eller legitimasjon.

Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er forbode! Hjelp oss å halde vatna frie for ørekyte også i framtida!

Hugs fare for skogbrann! Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15. april - 15. september.

Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskesnøre eller liknande. Vis omsyn til andre turfolk og tenk deg om når du bryt granbar og samlar ved til bålet.

Andre aktuelle tilbud