Fiske på Momraksheia i Fyresdal
Momraksheia byr på både sik, aure og røye, med små tjern og store vatn i vakker natur. Flott turterreng og god plass!
Arter
- Ørret
- Røye
- Sik
Beliggenhet
Viktige datoer
Kontakt selger
35067703/91632615
Kjøp fiskekort her
Om selger
Fyresdal er gjennom Fyresdal Fiskefond delt inn i fem fiskesoner, og du kan kjøpe fiskekort for ei sone eller heile området.
Med over 500 fiskevatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett.
Fiskekvoter
Det er inga kvoteavgrensing på dette tilbodet.
Mer detaljert beskrivelse
Momraksheia har eit frodig og variert terreng. Dette fiskeområdet dekkjer nordaustdelen av Fyresvatn og heiane frå Våmur og nordover til Hegglandsgrend. I tillegg til kort for sportsfiske, blir det også selt kort for garnfiske i Fyresvatn og Napevatn. I Fyresvatn finst det sik, aure og røye, medan det i Napevatn er berre aure. Dette vatnet er også regulert, som magasin for Fjone kraftverk.
Momraksheia går under sone to i fiskekortløysinga. Du finn meir informasjon om fisket i kommunen her: Fiske i Fyresdal
Overnatting i området
Det er fleire overnattingstilbod i Fyresdal sentrum, som Fyresdal Bed & Breakfast og Fyresdal kurs og leirstad, der ein i tillegg til rom og leileghetar også har plassar for campingbilar. Garden Væting tilbyr overnatting i eldhuset på garden. Sporten i Fyresdal sel fiskekort og fiskeutstyr, og fungerer som turistinformasjon for Fyresdal. Her kan du få råd om overnatting, fiskeutstyr, turtips med meir.
Andre aktivitetar
Fyresdal har eit snilt turterreng som passar for dei aller fleste, frå rundt 300 moh til over 1000 moh. Fleire av rutene har god sti og tydeleg merking.
Her finn du oversikt over turmål i området: Turar i Fyresdal.
Elles er det moglegheiter for blant anna padling, bading, sykling og bær- og sopplukking.
God tur!
Fiskeregler
Kjøp av fiskekort gjev rett til fiske med stong og handsnøre i dei områda fiskekortet gjeld for. Dei som skal fiske plikter å orientere seg om kvar det er lov å fiske og om dei reglane som gjeld.
Ungar under 16 år kan etter Lov om innlandsfiske fiske fritt med stong og handsnøre fram til 20. august kvart år.
Ved kontroll har ein plikt til å syne fram fiskekort eller legitimasjon.
Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er forbode! Hjelp oss å halde vatna frie for ørekyte også i framtida!
Hugs fare for skogbrann! Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15. april - 15. september.
Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskenøre eller liknande. Vis omsyn til andre turfolk og tenk deg om når du bryt granbar og samlar ved til bålet.
Gode fisketips
Innanfor Våmur er det fleire vatn med fin fisk. Gode utgangspunkt for fisketuren her er vegen inn i hyttefeltet på Våmur eller i frå fylkesveg 355 ved Basthommen. Frå Livegen mot Austre Nape er det også greitt å gå inn til Litjønnane og vidare til Nutetjønnane og Hønetjønn (815 moh). Her kan ein fylgje turløypa mot Søtdalsvarden.