Fiske i Kilegrend i Fyresdal
Kilegrend i Fyresdal er eit flott område med svaberg, strender og skogkledde heier, og er eit eldorado for alle som ynskjer å prøve fiskelykka!
Arter
- Ørret
- Røye
- Sik
Beliggenhet
Viktige datoer
Kontakt selger
35067703/91632615
Kjøp fiskekort her
Om selger
Fyresdal er gjennom Fyresdal Fiskefond delt inn i fem fiskesoner, og du kan kjøpe fiskekort for ei sone eller heile området.
Med over 500 fiskevatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett.
Fiskekvoter
Det er inga kvoteavgrensing på dette tilbodet.
Mer detaljert beskrivelse
Kilegrend fiskekortområde ligg lengst sør i Fyresdal og omfattar den sørlegaste delen av hovudvassdraget, samt heiane på aust- og vestsida. I Fyresvatn strekkjer fiskekortområdet seg nord til Våmur. Fyresvatn har to utløp som båe endar i Drang; det eine over Glomfoss gjennom Bjønnsund og Krokane og det andre over Russdammen gjennom Flatlandsvatnet. Hovudvassdraget har godt med sik, aure og røye.
Vestsida av Midtvatn, nordsida av Krossvatn og vatna nedanfor Krossvatn er med i Kilegrend fiskekortområde, medan øvre del av Kilåvassdraget er forvalta av Valebjørg utmarkslag og har eiga fiskekortløysing. Skogsbilvegen frå Kiland er om lag 8 km lang og går langs heile denne delen av Kilåi, med Saurvatn, Krokvatn, Mjåvatn og Fjellskovatn, og med fine elvestrekningar imellom. Elles er det mot betaling mogleg å køyre frå Valebjørg og inn til Midtvatn.
Litt forbi Russdammen er det ein 6 km lang bilveg opp Bindalen til Knutsli. Vegen er open mot betaling med Vipps og er eit fint utgangspunkt for å kome til fleire gode fiskevatn på heia over mot Nesvatn.
Du finn meir informasjon om fisket i kommunen her: Fiske i Fyresdal.
Overnatting i Kilegrend- området
Øyne camping www.oyne-camping.no i sørenden av Fyresvatn har campinghytter og plassar for campingvogner og telt. Fiske er populært for dei som brukar plassen. Kilegrend hytter ligg rett attmed fylkesveg 355 og er også eit godt utgangspunkt for fiske i Kilegrend. Her kan ein få overnatting i ei sjøbu rett ved den gamle brygga. Mjåvasshytta er ei særprega hytte med god plass. Her er og også ei nyoppført sikringshytte.
Andre aktivitetar
Drang har varierte strender med sand og svaberg, og er eit eldorado for dei som også likar å bade og padle. Her finn du turforklaring og forslag til andre turmål i området: Turar i Fyresdal. Elles er det eit fint terreng for blant anna padling, bading, sykling og bærplukking.
God tur!
Fiskeregler
Kjøp av fiskekort gjev rett til fiske med stong og handsnøre i dei områda fiskekortet gjeld for. Dei som skal fiske plikter å orientere seg om kvar det er lov å fiske og om dei reglane som gjeld.
Ungar under 16 år kan etter Lov om innlandsfiske fiske fritt med stong og handsnøre fram til 20. august kvart år.
Ved kontroll har ein plikt til å syne fram fiskekort eller legitimasjon.
Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er forbode! Hjelp oss å halde vatna frie for ørekyte også i framtida!
Hugs fare for skogbrann! Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15. april - 15. september.
Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskenøre eller liknande. Vis omsyn til andre turfolk og tenk deg om når du bryt granbar og samlar ved til bålet.
Gode fisketips
Mark, sluk og fluge