Tokkeåi og Bandak, Telemark

I den vakre elvedalen og deltaet i Tokkeåi og Bandak finns virkeleg stor aure. Her kan du kjøpe fiskekort som gjeld for sone 1 og sone 2.

Arter

  • Ørret
  • Røye
  • Sik

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Bandak Fiskelag

+47 41273006

brattekai@gmail.com

Video

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

For å kunne bevare urstamma av aure som er unik for Tokkeåi er det sterkt anbefala å fiske catch and release. Ein kan kun fiske med kunstig fluge/spinnar, ikkje levande agn, og berre med mottaklause krokar. Fiskekvota er èin fisk mellom 30-35 cm per fisker per dag.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

 

Den unike aurestamma som lev i Tokkeåi og Bandak er meir enn 10 000 år gamal. Den korte, kraftige formen på fisken, samt den usedvanlege styrka, kjenneteiknar desse fiskane. Desse særtrekka var fordelaktige då fisken skulle symje motstraums opp elvedalane og forbi landemerket «Helvetshylen», før vasskraftutbygginga tok til.

Ovanfor vasskilet frå Skienselva finn du desse djupe innsjøane som Tokkeåi munnar ut i. Innsjøar som dette vart forma under istida og er ofte assosiert med Noreg og Skottland. Vaksen aure i desse vassdraga kan vege over 15 kg. og er ofte 15-25 år gamle. I slike kalde, djupe innsjøar veks auren seint og kan nå imponerande storleikar.

 

Tokkeåi ligg i Tokke kommune i vest-Telemark. Vatn frå mange ulike vassdrag på Hardangervidda renn ned i desse djupe dalane, og Tokkeåi er seiste elva med fjellvatn før den munnar ut i vest-enden av Bandak. Naturen kring Tokkeåi er mektig, med elva som renn gjennom eit dalføre kransa av bratte fjellsider med 1000 m høgdeforskjell frå topp til botn. Terrenget flatar ut ned mot Bandak der elva renn ut. Vidare renn vatnet gjennom fleire innsjøar før det til slutt endar si ferd i Skagerak.

 

Under forrige istid, var isen så tung at Bandak låg på havnivå. Etterkvart som isen smelta, reiste grunnen seg, og sjøauren i vassdraget blei fanga ovanfor vasskile. I dag er Bandak ein av dei djupaste innsjøane i Noreg. Den er 340 m. djup og ligg på 72 m.o.h. på toppen av Telemarkskanalen.

 

Det annerkjende Dalen Hotell vart i si tid bygd for den engelske overklassa. Dei valde Dalen som sin feriedestinasjon nettopp på grunn av det unike fisket. Frå midten av 1800-talet og fram til tidleg 1900-talet, var Dalen ei bygd ein berre kunne nå via båt opp Telemarkskanalen.
I dag er Tokkeåi langt frå den fiskeelva den ein gong var då engelskmennene ferierte her. Likevel er dei fiskbare delane av elva framleis ein draum for sportsfiskarar! Perfekte elvestryk avbrote av djupe kulpar, lommer og steinete parti gjer elva passande for alle typer fiskestilar. Med gode fiskeforhold og litt flaks kan du definitivt få ein av dei legendariske storaurane på kroken!

I Bandak finn du, i tillegg til aure, sik, røye, abbor, ål, niøye og trepigga stingsild. Den største auren tatt på stang i Bandak vog 11.6 kg (2004). Den største auren derimot, vart tatt i 2003. Den vog 15.6 kg og var 100 cm lang. I gyteperioden i 2011, vart fisk på over 15 kg filma av undervasskamera i Tokkeåi.

 

Auren i Tokkeåi og Bandak veg i snitt 0.25-1.5 kg. Det karakteristiske med fisken her er likevel den ekstremt kraftige fasongen. Studier av fisken frå 2015-16 visar at det normalt sett tar 10+ år for fisken i dette området til å bli kilosfisk. På dette tidspunktet har fisken migrert ut til Bandak og blitt rovfisk. Når fisken først når Bandak, veks den raskt med ein diett som i hovudsak består av andre fisk. Ein trur grunnen til at fisken her vert så gamal, er fordi det kalde vatnet i den djupe innsjøen senkar forbrenninga til fisken.

 

Rapportering gjøres her lever fangstrapport.

Fiskeregler

Regler fra 2021

Regler for Zone 1 - Tokkeåi og Bandakdeltaet.
 
1. Alle over 16 år må betale fiskekort og fylgje dei gjeldande reglane. Barn under 16-år fiskar gratis.


2. Fiske kan starte 1. april og opphøyre seinast 20. september.
3. Det er kun tillete med stongfiske, 1 aktiv stong pr. person.   4. Fjern eller klem inn mothakane på kroken eller bruk mothakelause krokar.

5. Naturleg agn er ikkje tillatt.

6. Det er forbudt ved all aktivitet og avlive fisk i str. 0-25cm og fisk over 35cm i Tokkeåi og Bandakdeltaet. Fisken skal setjast ut att på ein mest mogeleg skånsam måte. Det er sett ein baglimit eller maks. antall fisk/uttak pr. døgn. I størrelsen 25-35cm er det lov til å ta ut maks. 3 stk. pr. pers. Fisken målast frå snute til ytterste haleflik.

7. Fiskekortet er personleg og skal vere med på fisketuren og visast fiskeoppsyn ved forespørsel.

8. Utstyr som er bruka i andre vassdrag skal reingjerast før bruk.

9. Fiske frå båt eller liknande er ikkje tillatt i Tokkeåi etter 1. august. Dette for å unngå forstyrringar av gytevandrande storaure.

10. Brot på fiskereglene eller forsøpling langs eller i vassdraget vil medføre at fiskekortet blir inndratt.

Velkomen til fiske.

Gode fisketips

  • På våren og tidleg på sommaren er fisket godt i Tokkeåi. Niøya legg på gyteferd oppover elva, og storauren følgjer gjerne med. Ein lang, grøn streamer kan vere eit godt tips på denne tida.
  • Gjennom sommaren er fiske med tørrfluge på sitt beste. Caddis-fiske i det øvre deltaområdet kan vere særs spanande på denne tida av året, spesielt seint på kvelden. 
  • Det er på seinsommaren og tidleg på hausten at fisket verkeleg tar av. Det er no dei vaksne individa migrerar opp Tokkeåi for å gyte. Det er ikkje lett å få ein av desse store ruggane på kroken, men om ein skulle vere så heldig, ber me om at du set ut fisken att for å sikre overlevinga av den unike aurestamma i Tokkeåi. Dette vil gje dei største individa ein sjans til å reprodusere seg og forhåpentligvis få elvefisket i Tokkeåi til å bli slik det ein gong var då engelskmennene reiste land og strand for å fiske den finaste auren i verda!