Sjøaurefiske i Storelva

Storelva er ei 8 km lang elv med sjøaure og brunaure. Elva snor seg gjennom kulturlandskap og skoglandskap med mindre stryk og kulpar.

Arter

  • Sjøørret
  • Brunørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Om oss

Storelva elveeigarlag ønskjer deg velkommen til fiske i Storelva. Elva er lokalisert i området Vabø, Natås og Nævdal omlag ein times køyring nord for Bergen 

Kontakt oss

Storelva eleveeigarlag

41260256

natasrune@gmail.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Storelva er ei typisk lita flaumelv, eit låglandsvassdrag i ytre kyststrok, utan innsjøar i nedbørsfeltet. Vasstanden er såleis svært nebørsavhengig. Elva munnar ut i Vabøvågen. Derifrå slyngjer ho seg for det meste oppover gjennom skog og myrterreng, med unnatak av strekninga gjennom landbruksområda og det fine kulturlandskapet på Natås.

 

Storelva er for det meste stilleflytande, med strekningar med rik og intakt vassvegetasjon og med djupare hølar og mindre parti med stryk imellom. Anadrom elvestrekning i hovudløpet, som endar opp på Nævdal er omlag 8 km. Det er i tillegg nokre viktige, mindre og større sideelvar/ bekkar med gytestrekningar og gode oppvekstområde for fisk. At elva og vegetasjonen rundt stort sett er intakt, har lagt grunnlag for ein talrik og stor fiskebestand. I tillegg er det eit rikt fugle- og dyreliv langs vassdraget. Her møter du gjerne på både hjort, oter og rev under fisketuren og du kan studere fossekallen som matar ungane sine ved reiret i fossen. Du kan nyte songen til måltrost og gjerne ein gulsongar og høyre på fluktspelet til rugde og enkeltbekkasin medan du fiskar. Eller du kan leggje frå deg fiskestonga ei lita stund, medan stokkanda eller krikkanda passerer deg med ungekullet sitt i sommarkvelden.

Fiskeregler

  • Fiskekort er kun gyldig saman med betalt fiskaravgift. Det vert utført tilsyn av grunneigar.
  • For tilkomst til fiskeplassar bør ein unngå dyrka mark, om det er naudsynt kan ein kontakte grunneigar.
  • Det er lov å fiske med flogestang, mark og sluk. 
  • Fiskeutstyr som kjem frå andre vassdrag skal desinfiserast før fiske.
  • For å auke interessa for fiske i elva er barn og unge under 16 år velkomne til å fiske gratis. 

Gode fisketips

Storelva har i utgangspunktet hatt ein god bestand av sjøaure med særs fin kvalitet. Elva har ikkje hatt eigen laksestamme, men i dei seinare åra er det er det likevel fiska eit fåtal laks/ oppdrettslaks. Elles er det ein tett bestand av bekkeaure i heile elva, så ein tur med fiskestang og steikepanne kan vere ei fin oppleving, sjølv om ein ikkje er ute etter storfisken. Vidare går det ål i heile vassdraget.

 

Det meste av fisket etter sjøaure går føre seg med floge. Men er vasstanden god, er mark og sluk/ spinnar alltid gode alternativ. Samanlikna med andre elvar i distriktet, har Storelva heller tidleg oppvandring. Elles er vatnet jamt over mørkt og humuspåverka i fiskesesongen.