Ørretfiske - Hallingdalselva i Gol.

Velkomen til fiske i Hallingsdalselva i Gol. Elva har fin bestand av ørret. Fiskekortet gjeld Hallingdalselva i Gol kommune frå Ål kommunegrense ved Trillhus til Nesbyen kommunegrense ved Svenkerud.

Arter

  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Hallingdalselva fiskelag i Gol

David Løstegaard-Ulriksen

+47 950 96 355

post@visitgol.no

Kjøp fiskekort her

Om selger

Hallingdalselva fiskelag vart stifta i 1974 og er ei foreining med fiskerettseigarar til den delen av Hallingdalselva som ligg i Gol. Fiskelaget har som formål bl.a. å oppnå eit godt sportsfiske i elva.

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensningar på dette tilbodet.

Mer detaljert beskrivelse

Hallingdalselva gjennom Gol, fra Ål kommunegrense ved Trillhus til Nesbyen kommunegrense ved Svenkerud, er ei fiskekortsone. Kommunegrensa til Nes følgjer elva ca 4 km, slik at her gjeld fiskesona frå austre elvebredd, sjå kart. Elva har en fin bestand av ørret. Frå Trillhus til Gol er elva variert med stryk, fossar, kulpar og tersklar. Frå Gol til Svenkerud er vasstanden større og elva renn rolegare. Denne strekninga egnar seg derfor godt til flugefiske. Det er tilrettelagt for funksjonshemma (brygge) ved Gol Campingsenter og ved Fossheim.

Hallingdalselva fiskelag vart stifta i 1974 og er ei foreining med fiskerettseigarar til den delen av Hallingdalselva som ligg i Gol. Fiskelaget har som formål bl.a. å oppnå eit godt sportsfiske i elva. Fiskelaget set kvart år ut settefisk for å auke bestanden i elva og for å auke fangstmoglegheitane. Fleire stader langs elva er det rydda fiskeplassar og tilkomst til desse. Fiskeplassene er merka med skilt og i tillegg er det informasjonstavler på rasteplassar og campingplassar langs elva.

 

Elva går langs dalbotnen. Langs elva går Rv7 og Bergensbanen. På motsett side av riksvegen går det private skogsvegar som for ein stor del er opne for allmenn ferdsel.


Heile vassdraget er regulert og vasstanden i elva vil variere med kraftproduksjonen. Endringane kan skje raskt så følg med på vatnet sjølv om storfisken lokkar.

Aktuell lenke: 

Visit Gol

Fiskebrosjyre for Gol

 

Fiskeregler

Sesong: 1. januar til og med 19. september.

Fiskekorta gjeld for fiske med ei stang frå land. Hugs å ta omsyn til faren for spreiing av smitte.

Tillatte fangstmetodar: Stangfiske med enkel krok (markfiske) eller spinner/sluk, samt flugefiske med inntil 3 oppheng.
Fiske med bundne eller fastståande reiskap er forbudt.
Fiske fra båt er ikkje tillatt, gjeld også Belly-boat.
Unngå ferdsel på dyrka mark, gå langs kanten av elva.
Ta hensyn til kvarandre.
Ta med all søppel!

Veibeskrivelse

Til Hallingdal kan du kome med Bergensbanen, med buss eller med bil. Det er skilta sykkelveg gjennom dalen. Gol ligg midt i dalen og er knutepunkt mellom aust og vest. Rv 52 frå Vestlandet via Hemsedal, rv 7 og rv 51 frå Valdres møtest her.

 

Elva er lett tilgjengelig fra Rv7 eller skogsvegar på sør- og vestsida av elva.

Gode fisketips

Elva egnar seg spesielt godt for fiske med mark og flugu. Sluk og spinnar er gode alternativ. Lokale storfiskarar får mykje fisk og legg vekt på rett teknikk. Du kan ikkje nytte same teknikk her som dei du les om frå fisketurar utanlands.

Andre aktuelle tilbud